Jump to content

Mogelegheiter for oppgradering til navigasjon/ryggekamera på ny Ford Ranger?


Garegaupa

Recommended Posts

Hei, folkens!  :)

 

Eg har nyss kjøpt meg ein 2013-modell Ford Ranger Double Cab Limited. Denne har i grunnen alt det eg treng av ekstrautstyr, men eg er likevel litt interessert i å sjekke mogelegheitene for å på eit seinare tidspunkt kunne setje inn originalt ryggekamera (altså det som er integrert i spegelen) og/eller navigasjonssystem med berøringsskjerm i denne bilen. Seljaren (bilen er kjøpt hjå forhandlar) påstår at dette ikkje går, då bilen må vere konstruert for dette utstyret frå fabrikken.

 

Dette synest eg høyrast veldig rart ut. Eg ville tru at bilen var konstruert slik at leidningsnettet er likt på alle bilane frå fabrikken, berre at det aktuelle utstyret ikkje er tilkopla. Eg har kameratar som har tilsvarande erfaringar ved spørsmål om ettermontering av ymse ekstrautstyr, der forhandlar enten seier at nei, det går ikkje eller at dei kan ordne det mot eit god slump pengar. Når kameratane mine så har sjekka og mekka litt så har dei ofte funne ut at det berre er snakk om ein enkel operasjon for å få på det aktuelle ekstrautstyret, eller å aktivere deaktiverte funksjonar. Dei som sel bilane er naturleg nok ikkje interesserte i at Ola og Kari skal vite om slikt som dette, dei vil ha pengane for jobben sjølve - og det er vel på service og ekstrautstyr dei får inn pengar no for tida, ikkje så mykje på sjølve bilsalget.

 

Så, er det nokon som veit om det eg lurar på går an å få til? Eg har leita rundt på nettet etter koplingsskjema for 2012+ Ford Ranger utan å finne noko, og eg reknar med at Ford Norge ikkje er overmåte interesserte i å utlevere dette til meg...  :P

Link to comment
Share on other sites

Jo det går ann, en her har gjort det på mangen biler, som skulle hatt det org. Er en del ledningsnett, som må til.

Visst den bilen du har, fikk skrevet bestilling på før mai 2013, så skulle den hatt det fra fabrikk. Dette gjelder Limited og Wildtrack. Wildtrack har det forsatt som standar

Edited by grcossie
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hei, og takk for kjapt svar! :) Er det ein her på forumet som har gjort dette, eller ein du kjenner? Det kunne uansett vore interessant å fått kontakt med vedkommande for å få litt meir informasjon.

 

Bilen eg har er fyrstegongsregistrert i Noreg i desember 2013, så det vil altså seie at den truleg ikkje har det leidningsnettet som må til viss eg forstår deg rett?

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

Er en jeg jobber ilag med på Ford her. Han er ikke noe innpå her, men jeg kan finne dele nr på allt du trenger. Førstegangs reg, har ikke noe å si her, da det var lang ventetid på disse bilene. Er datoen den er best fra forhandler, som gjelder. Det var merket som standar utstyr på Limited og Wiltrack i starten, dette er nå endret til kunn Wildtrack. Uansett så kan man montere dette på alle i ettertid, så han du snakket med på Ford hos deg, hvet ikke hva han snakker om

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hei igjen!

 

Ja, viss du ville ha vore brydd med å finne dei aktuelle delenummera og det som elles måtte trengjast av informasjon så hadde eg sett stor pris på det!  :) Men det er ikkje noko som hastar, ta det viss/når du har tid.

 

Angåande om det som skal vere av leidningar allereie er installert eller ikkje: Er det nokon måte eg kan sjå dette på sjølve bilen nokså enkelt, eller lyt eg eventuelt skru opp saker og ting og sjekke? Eller kanskje eg kan søkje på understellsnummer einkvan plass for å finne ut om denne bilen er "innanføre" eller ikkje?

Link to comment
Share on other sites

...der Ford måtte dekke en del av kostnaden

 

Å, såpass? Kva kjem det av at dei tok sin del av kaka, vert det rekna som ein "feilkonstruksjon" at det aktuelle leidningsnettet manglar? Eller er det ein slags kompensasjon for at dei "ombestemte" seg og droppa desse tinga som standardutstyr i Limited?

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

De måtte ta en del og vi resten. Feilen kom av at det ble reklamert som standarutsryr på Limited, men da de kom, hadde ikke alle det alikevell. Så lenge det står i brosjyrene, så har kunden rett til å få sin vare. Dette er nå fjernet fra brosjyrene, så da er det ikke standar lenger

Link to comment
Share on other sites

Aha, då er eg med.

 

Vel, tusen takk for god hjelp så langt! :) Som sagt så hadde det vore veldig interessant å høyre delenummera på alt som trengst, samt eit overslag på kva det ville koste å få tak i det. Er dette noko ein normalt nevenyttig hobbymekanikar kan få til sjølv, eller bør ein få ein verkstad til å gjere det? Eg er langt frå nokon utdanna mekanikar, men eg har no skifta olje og oljefilter, vasspumpe, bremseklossar og -skiver, hjullager, radiator og anna tilsvarande på den gamle bilen min, samt feilsøkt og fiksa ein del elektriske problem, utan anna hjelp enn Haynes-manualen og verktøykassa.

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

Litt arbeid er det, ledningsnettet må ligge slik det skal ligge, for å ikke få strekk skader, da en pickup lever litt i karosseriet. Hvet ikke om man må kople seg innpå eksisterende ledningsnett, eller om det bare er kontakter, men med litt vilje, så klarer en det meste

Link to comment
Share on other sites

OK, høyrast ut som dette kanskje er ein litt spenstig operasjon å gå laus på som hobbymekanikar - i alle fall på ein såpass ny og fin bil! Eg kan godt gå laus på ein gammal, velbrukt bil med skrutrekkar, hammar og meisel, men eg kjenner eg er litt skeptisk til å begynne på såpass avansera installasjonar på ein bil som er splitter ny og så godt som ubruka...  :)

 

Ville du ha spurt han kollegaen din om han har eit overslag på kva ein slik installasjon ville koste viss ein får det gjort på verkstad, inkludert både delar, utstyr og arbeid (gjerne prisen for installasjon av ryggekamera og navigasjonssystem kvar for seg)? Eg treng ikkje noko nøyaktig pris, men det kunne vore litt interessant å vite kva område det ligg i.

Link to comment
Share on other sites

Ja, før eg kjøpte den Ranger-en eg har no så prøvekøyrde eg ein Wildtrak med det ryggekameraet. Som de seier, det var eit utruleg greitt hjelpemiddel! Ryggesensorane hjelper godt, men vil sjølvsagt ikkje vere til stor nytte ved tilkopling av hengar - og ein bil som dette ber om å ha ein hengar trekkande etter seg!  ;)

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Skal sjekke priser og høre hva prisen ligger på

 

Hei igjen, grcossie!

 

Eg ville berre høyre om du har hatt sjans til å sjå noko meir på dette? Det er ingenting som spring av, men eg veit sjølv kor enkelt det er å gløyme ting i ein travel kvardag!  :)

Link to comment
Share on other sites

Hei igjen. Da har jeg fått en liste over hva du trenger for å gjøre det som org. Pris er uten moms

 

Dele nr: 1733875              Speil                                    4713,-

             1737640              Ledningsnett bakluke              224,-

             5139019              Sett innkapsling                      223,-

             5069735              Kamera                               1852,-

             4905331              Skrue med pakning    2stk        17,-   pris pr stk

             4979133              Innfelling                   2stk         13,-  pris pr stk

             5176169              Emblem                                 268,-

             1815692              Ledningsnett                         1645,-

                58681               Ledningsnett                           297,-    (mangler første tall i dele nr på arket her)

 

Her er for 12v uttak i karm,for de som mangler det

 

           1750655                Ledningsnett                           200,-

           4703424                Kontakt                                   225,-

           5049838                Fjærmutter           4stk               13,-      pris pr stk

           1670502                Skrue                  4stk                94,-     pris pr stk

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Mange takk for hjelpa, dette var greitt å vite! Denne oversikta skal eg ta vare på, og så ser eg ikkje bort frå at det vert gjort ein slik installasjon i bilen min etter kvart!  :D

 

Det er nesten så eg skjemst for å spørje, for det er sikkert ein del jobb og styr for deg med å finne fram alt dette her, men hadde du tilsvarande dele- og prisliste for viss ein ville skifte ut audiosystemet med det som har 5" skjerm og navigasjon (som er standard på Wildtrak og tilval på Limited)? Dette var òg blant dei tinga eg fekk beskjed om at ikkje gjekk an å installere i ettertid, men slik eg forstod det så hadde de gjort dette òg hjå dykk?

 

Igjen så takkar eg veldig for hjelpa så langt, og du må ikkje nøle med å seie ifrå viss det vert for mykje sjau med dette her - eg har ikkje lyst til å utnytte hjelpsemda di heller!  :)

Link to comment
Share on other sites

Vi har ikke bytta spilleren hos oss. Det går nok også ann, men der er det vanskelig å finne ut hva som trengst. Er en, som jobber på Lafinto, som har god greie på Ranger, og har hatt 6-7stk, han har hevet og breddet 2nye nå. Mulig han har vært borti stereoen også

 

Bare å spørre i vei, skal prøve å svare så godt jeg kan. Skulle jeg gå glipp av en tråd, så kan du sende pm

Link to comment
Share on other sites

  • 2 years later...
  • 9 months later...

Hei, folkens!

 

No gjenopplivar eg ein relativt gammal tråd her, men sidan spørsmålet er ein variant av det som eg tidlegare har spurt om her så tenkte eg det var mest ryddig å gjere det slik.  ^_^

 

Eg har drive og sett litt på slike uoriginale stereoanlegg for montering i Ford Ranger som det Wolfen refererer til over her. Hovudgrunnane mine til å sjå etter noko slikt er for å få inn ei meir integrert DAB-radioløysing enn den eg har no (som fungerer litt så-som-så), og for å ha mogelegheiter for litt meir avanserte funksjonar slik som navigasjon, appar og liknande.

 

Eg har sett litt på denne her, som eg synest ser rimeleg bra ut: http://carboncarsystems.com.au/ford-ranger-px1-stereo-replacement/ Det største aberet her er at med denne så misser ein mogelegheita til å styre telefonen med knappane på rattet, og eg ynskjer ikkje å misse noko av den originale funksjonane til knappane på rattet. Eg veit heller ikkje om denne verka saman med ein europeisk Ranger, eller om det er nokon forskjellar her.

 

Er det nokon som veit om eit liknande produkt av god kvalitet som gjer at eg ikkje misser nokon av den originale funksjonane i bilen, samstundes som eg får inn DAB+, navigasjon og Android? Dei som Wolfen refererer til ser for meg ut til å ha berre FM/AM-radio, samt at eg vert noko skeptisk til kvaliteten generelt når eg ser at nettsida dei ligg på er skriven på veldig dårleg engelsk... Ein norsk forhandlar hadde vore ideelt, men viss kvaliteten er god og eg veit eg får noko som passar til min bil så bestiller eg gjerne frå utlandet òg.  :)

 

Bilen det er snakk om er ein 2013-modell, oppgradert med originalt ryggekamera (i spegelen), men utan original navigasjon.

Link to comment
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
×
×
  • Create New...