Jump to content

Problem med DAB-radiomodul i Ford Ranger


Garegaupa

Recommended Posts

Hei, folkens!

 

(Sjølv om eg allereie har ein Ford Ranger-tråd gåande rett under her så syntest eg det var mest ryddig å lage ein ny tråd sidan det her er snakk om eit nytt tema.)

 

Då eg nyss kjøpte meg ein 2013-modell Ford Ranger Double Cab Limited så fekk eg installert ein DAB-radiomodul på kjøpet sidan dette ikkje var inkludert originalt. Då dette var gjort så oppdaga eg at eg ikkje lenger kan bruke knappane på rattet til å skifte radiostasjon eller spor på CD-plater. Knappane fungerer fint til å ta telefonen eller leggje på, det er berre for radio/CD dei ikkje fungerer.

 

Då eg spurde Ford om kva årsaka kunne vere så fekk eg beskjed om at dette var DAB-modulen si skuld, og at det ikkje gjekk an å gjere noko med.

 

Eg må seie eg synest det høyrast snodig ut at det skal vere slik, og det er ikkje så reint lite ugreitt å vere forutan denne funksjonen både med tanke på trafikktryggleik og at det er praktisk å ha. Er det nokon som har tilsvarande erfaringar med ein slik installasjon? Viss ikkje eg finn ut av dette så vurderer eg å reise tilbake og få plukka ut heile spetakkelet, men det er heller ikkje ideelt då eg gjerne vil ha tilgang til DAB i bilen...

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

Då har eg akkurat prøvd det du føreslo. Søkjeknappane fungerer ikkje i nokon av stillingane (FM, FM-AST, AM, AM-AST eller CD). Eg fekk beskjed om at DAB var aktivt når det stend berre "FM" i displayet, så eg reknar med at DAB-systemet er avslått når radioen ikkje er i denne stillinga? Eg har ikkje nokon andre måtar å skru av DAB på som eg veit om.

 

Volumknappane fungerer i alle stillingar, og som sagt så kan eg bruke høgre/venstre-knappane fint til å ta telefonen og leggje på. Så det verkar som om det er berre søkjefunksjonen på radio og CD som har ramla ut.

Link to comment
Share on other sites

Heh, skulle du ha sett... No testa eg akkurat det du føreslo her, tuszi, og det funka som fjell! To trykk på stemmeknappen, og vips så fungera navigasjonsknappane på rattet att!  :D

 

Tusen takk for tipset!  :) Det perfekte hadde sjølvsagt vore at både DAB og rattknappar fungerte på same tid, men denne løysinga er ein veldig god nummer to - no slepp eg i alle fall å tenkje på å plukke ut at DAB-modulen, no kan eg berre slå han av og på etter behov!

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

Heh, skulle du ha sett... No testa eg akkurat det du føreslo her, tutzi, og det funka som fjell! To trykk på stemmeknappen, og vips så fungera navigasjonsknappane på rattet att!  :D

 

Tusen takk for tipset!  :) Det perfekte hadde sjølvsagt vore at både DAB og rattknappar fungerte på same tid, men denne løysinga er ein veldig god nummer to - no slepp eg i alle fall å tenkje på å plukke ut at DAB-modulen, no kan eg berre slå han av og på etter behov!

Er slik det fungerer med slike adapter, står også i bruksanvisningen

Link to comment
Share on other sites

Er slik det fungerer med slike adapter, står også i bruksanvisningen

 

OK, då var det ikkje så rart!  :lol: Trur ikkje eg fekk med noko brukarrettleiing til sjølve DAB-adapteret, faktisk... Får spørje dei borte der eg kjøpte bilen om dei kan skaffe meg denne, kan vere kjekt å ha!  :)

Link to comment
Share on other sites

OK, no har eg styra litt meir med denne radioen, og eg kan ikkje begripe anna enn at her må vere noko rart... No får eg plutseleg ikkje til å slå av DAB-funksjonen att, og knappane på rattet gjev ingen respons.

 

Eg har prøvd å finne brukarrettleiinga på nettet, og kom fram til denne sida her: http://cms.connects2.co.uk/OEMRangeProducts.aspx?id=3179&amp%3bpartno=AD1805091.#.VDhkyDa0PvM Men eg får ikkje til å laste ned rettleiinga (User Guide) herifrå, det ser ut som om der er noko feil med nettsida. Eg søkte enno litt vidare, og fann fram til dette dokumentet her: http://bilradiospes.no/filarkiv/2014/04/27/1535cc539305c8.pdf Her står rett nok ikkje Ford Ranger nemnt, men eg har fått inntrykk av at dette er same modulen?

 

Uansett, så langt eg kan skjøne, så skulle eg kunne kome inn i ein eller annan meny for å få programmert DAB-modulen, og sjølv om DAB er aktivt så skulle vel høgre- og venstre-knappane på rattet fungere saman med DAB-modulen, dei skulle vel ikkje verte heilt nøytraliserte slik dei er no...?

 

Det er mogeleg eg overser eitt eller anna opplagt, eller at eg er på feil brukarrettleiing her, men eg får i alle fall ingen av dei prosedyrane som er beskrivne her til å fungere...

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

Nei, no skjønar eg mindre enn ingenting her... Eg klara å finne litt meir informasjon på Internett:

 

http://www.autodab.com/OEM.aspx (Som sagt ovanfor så fekk eg ikkje til å laste ned rettleiinga for Ranger frå denne sida, men viss ein går på Transit Custom, som har same delenummer på DAB-modulen, så får ein lasta ned ein PDF som ser meir korrekt ut i høve til min bil. Får diverre ikkje lagt inn direkte lenkje til den rette sida.)

 

https://www.youtube.com/watch?v=QVmQuLD9zws (Ein Youtube-video som syner bruken av AutoDAB i Ford.)

 

Sidan eg verken fekk brukarrettleiing eller opplæring frå forhandlar anna enn at dei sa at DAB no var installert så var ikkje eg klår over at eg måtte gå inn på ein eigen "Preset" for å få inn DAB... Uansett, no prøva eg "Preset 6", som er det dei syner til i Youtube-videoen, men der var det ingenting. Og viss eg søkjer inn frekvens 87,8 MHz manuelt så får eg berre støy.

 

Det som er så rart er at det verkar som om eg klara å slå av DAB-modulen i går (ved å trykke to gongar på stemmeknappen, som tuszi føreslo), for då begynte navigasjonsknappane å fungere att. Men no verkar det som om eg har fått slått på DAB-en att uforvarande, for no fungerer plutseleg ikkje dei knappane lenger. Og no fungerer heller ikkje det eg gjorde i går for å slå av att DAB-modulen...  :wacko:

 

Er det berre eg som er treg som motorolje i førti minusgrader som ikkje finn ut av dette? Eller er det noko som absolutt ikkje stemmer her? I sistnemnde høve får eg ta meg ein tur bort til forhandlar og få dei til å sjå på det.

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

Du skal ha en forhåndsprogramert kanal på som f.eks kanal 0 der jeg pleier å legge det på de bilene jeg har monterte det på. Dette er ikke et optimalt dab sett, men det fungerer. Det er litt komplisert å forklare alt her, tror en tur til forhandler burde ordne dette. Vis ikke kontakter du meg så skal jeg prøve å guide deg gjennom alle ting så godt jeg kan

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

OK, då prøvar eg forhandlaren fyrst. Dei lyt uansett ordne opp i dette kostnadsfritt, dei kan ikkje greitt levere frå seg ein bil der ein må vere elektroingeniør for å få DAB-radioen til å virke...  :P Eg tek ein prat med dei over helga.

 

Uansett, takk for hjelpa så langt! Eg skal heller seie ifrå viss det skulle vere noko meir eg lurar på!  :)

Link to comment
Share on other sites

Så langt eg kan sjå så skjer der ingen verdens ting. Eg har prøva alle kombinasjonar eg kan tenkje meg, men ikkje kjem der opp noko på skjermen i bilen, og ikkje begynner navigasjonsknappane å virke att heller. Og så langt eg kan sjå så får eg ikkje inn nokon kanalar på DAB (altså dei som eg burde fått inn som ikkje ligg på vanleg FM) uansett kva eg gjer.

 

Spørs om ikkje det lyt verte ein telefon til forhandlaren i morgon tidleg.  :)

Link to comment
Share on other sites

Hei igjen, alle saman!

 

Ei lita oppdatering: Eg var innom forhandlar i dag for å få dei til å sjå på DAB-radioen. Då mekanikaren fekk opna opp og kikka så såg han at dei hadde kopla nokon leidningar feil. Han fekk retta opp i dette, og no ser alt ut til å fungere som normalt. Så då var det ikkje berre eg som var heilt på jordet.

 

(Så mykje som eg har mekka og plagast med bilar sjølv opp gjennom åra så vert eg like glad kvar gong fagfolk gjer ein feil. Det hjelper på sjølvbiletet mitt som hobby-mekanikar!  :lol:)

 

Uansett, takk for all hjelp her, folkens! Det verkar som om det er mykje god fagkompetanse på dette forumet, så då veit eg i alle fall kor eg skal spørje viss det er noko eg lurar på!  :)

Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...

Jeg har en Ranger Limited Dobbelcab 2015 2,2 som arbeidsbil.

Og etter å ha spurt forhandleren om løsning fikk jeg en Tiny adapter montert av mekanikeren som en prøve.

Funket ikke bra så de endret plasseringen av antennen, det funket heller ikke, detter ut veldig ofte på helt sentrale områder i Stavanger/sandnesområdet. Noen ganger det var den ute i 5-10min.

Jordingen ble sjekket begge gangene.

Da fikk jeg levert den tilbake.

 

Har noen tips til adapter eller andre løsninger? 

Og gjernen spesielle ting å ta hensyn til.

Link to comment
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
×
×
  • Create New...