Jump to content

Ghia

Gjest
  • Posts

    3
  • Joined

  • Last visited

Medlemsinfo

  • Bosted
    Oslo
  • Medlemskort
    Tilsendt i posten og digitalt

Ghia's Achievements

Trehjulssykkel

Trehjulssykkel (1/6)

  1. Ghia

    Scorpio bilder

    Nei - det er en "stakkarslig" 2.4i Ghia
  2. Ghia

    Scorpio bilder

    Velourloungen i Ghia´n min:
  3. Min første post i det som ser ut til å vere eit svært bra forum. Fin oppsummering av tingenes tilstand for Scorpio som "youngtimer" i åpningsinnlegget i denne tråden. Eg har nettopp kjøpt ein 4-dørs 1990 2.4i Ghia - opprinneleg fransk bil. Rein impuls, eg er ikkje Ford-mann og skulle berre ha ein billeg vinterbil til og frå jobb for dei dagane eg ikkje køyrer Renault Twizy. Det vart Scorpio fordi akkurat denne bilen var den mest interessante eg fann i pris-segmentet eg jakta i. Eg skal ikkje køyre mykje - så bensinforbruk var eit "ikkje-tema". Smått legendarisk må eg jo vedgå at denne modellen er - som gav ABS til folket Erfaring frå andre youngtimers tilseier at status og verdi for fine eksemplar i originalstand neppe vil utvikle seg positivt før rufsete og meir eller mindre "i-hjel-modifiserte" variantar forsvinn frå folk sitt minne og assosiering til bilmodellen. Sjølv om eg er frankofil, må eg vedgå at det er ein kjempebil. Etter å ha rydda ut "litt" støv og haustlauv frå det beige Ghia-interiøret er det ein særdeles hyggeleg stad å vere. Alt elektrisk fungerar, inkludert regulering av bakseterygg. Unntaket er den oppvarma front- og bakruta. Karrosserimessig kunne det stått betre til, bilen har vore TuffCote-sprøyta tidlegere, eg skal no oljebehandle med lanolin i eit forsøk på å stoppe det som er på gang av rust. Motor tikkar litt - men ikkje meir enn normalt for ein støtstangs V6 med 180´ km på nakken. Automatkassa sjaltar veldig fint. Kast i skivene framme er merkbart ved svak oppbremsing. Planen var å ha bilen i eitt år til nyleg bestilt nybil er på plass. I løpet av den første veka i mitt eigarskap er eg imidlertid i ferd med å bli Scorpio-entusiast Satsar på at rusta ikkje har fått betre tak enn det eg trur.
×
×
  • Create New...