Hei, og tusen takk for raskt svar! Eg har kun ligget under bilen for å prøve å sjå etter kvar det stoppar. Det ristar og bankar som bare det heilt innerst i drivakslingen, men eg har ikkje fått auge på om det er ei medbringerhylse eller berre indre drivknutehus innerst, så eg gjekk utifrå at det var knuten som var knust. Det som skjedde var at eg kjørte roleg i ei 50 sone i 3 giret med svakt gasspådrag. Plutseleg sa det berre klonk, og så skaut turtallet i sperra, og det var null framdrift what so ever. Så det som skjedde, skjedde spontant. Dykk med litt peiling, kan sikkert sei med større sikkerheit enn meg om det høyres ut som knuten eller medbringerhylsa er gåen? Eg er ikkje så stødig på drivlinjer, men er denne medbringehylsa ein forlengelse ut til drivaksling, då drivaksling er litt for kort til å gå inn i girkassa på passasjersida? Eller står medbringeren inn i kassa med ein fastsatt type stor diameter på splines på eine sida inn i girkasse, og så er andre sida av medbringaren tilpassa diameteren på drivakslingssplinen? Ein slags overgang på ein måte? Om det er tilfelle at det kan vera medbringarhylsa, er dette ein dyr del å skifta? Eventuelt vanskeleg å skifta for ein hobbymekanikar?