Jump to content

radovan

Gjest
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

About radovan

  • Birthday 05/08/1975

Medlemsinfo

  • Bosted
    Hornindal
  • Medlemskort
    Tilsendt i posten og digitalt

Profile Information

  • Kjønn
    Male

radovan's Achievements

Ford

Ford (5/6)

  1. radovan

    Bensin forbruk.

    Er ikkje forbruket oppgitt på 90 km/t eller noko slikt? Du brukar ein del ekstra på å oppnå 110 km/t og dessutan er det nesten umogeleg å matche fabrikktal. Har du sett korleis dei riggar bilane?
  2. ...men no kan eg gjerne få avklaring...
  3. Ingen hast. Ta det ein dag du har tid.
  4. I lausvekt, sendbar i posten? Opplys meg.
  5. Det er ikkje ofte eg har hatt bil på verkstad, men det har då blitt ei handfull gongar opp gjennom åra. Trur ikkje eg har vore nøgd ein einaste gong. Alltid eitt eller anna som ikkje er gjort skikkeleg reint fagmessig eller som på andre måtar er under pari. Og det er skikkeleg drit når ein betaler mange tusen i arbeidspengar og gjerne tek seg fri for å hente og levere osv.
  6. Har kjøpt litt småtteri der og har ikkje noko å utsetje på det, verken pris, kvalitet eller leveringstid.
  7. Er det folk som har brukt felg frå VW på Granada? Eller er det fleire som kunne passe? Det ville gje litt meir å velje i. Skulle hatt nokre hjul til EU-kontrollen, så rimelege som mogeleg, og då er eg ikkje så kresen på korleis dei ser ut.
  8. Toppen er nok defekt på eitt eller anna vis. Det som var rart var at då eg demonterte motoren var det ikkje noko teikn til lekkasjar eller vatn. Ein skulle jo tru at kjølevæska skulle ha vaska vekk sotlaget på metallflatene. Det er iallfall slik eg har sett det før, med nokre normalt sota stempeltoppar og ein eller fleire som er reinvaska og tydeleg sladrar om at det har vore vaskehjelp innom. Så eg treng nok ny topp eller motor, ja. (Berre å skrike ut om det er nokon som har. Topp går jo i posten, men motor må ikkje vere for langt unna Nordfjord/Sunnmøre om eg skal få henta. ) Heldigvis har eg lang tidhorisont på denne bilen. Håpar det skal bli bil til odelstausa og ho er jo berre elleve enno. Men tida går jo så fort....
  9. Suksess! Det gjekk forbløffande greitt. Igjen takk for tipset!
  10. Får vurdere det. Medlemskapen betalar seg jo sjølv ganske snart om ein skal kjøpe litt deler. Eg har Land Rover og Citroen frå før og blitt bortskjemt med nettsider som har alt og enno litt meir til veldig gunstig pris. Typisk utval av typen billeg variant av usikker kvalitet, litt dyrare av god kvalitet og enno dyrare merkedeler. Så kan ein velje om ein skal ha topp deler til høg pris eller om ein kan kjøpe billege som kanskje er bra nok. Men eg finn ingen slike supermarked til Granada. Er det for få entusiastar?
  11. Takk! ...men det var no dyrt nok... Hadde tenkt å kjøpe til heile bilen og håpa å finne eit rimeleg sett.
  12. Har nokon tips om gode nettbutikkar der ein får deler til Granada? Akkurat no prøvar eg å finne eit rimeleg polyuretanforingsett, men det viser seg merkeleg komplisert å oppdrive.
×
×
  • Create New...