Jump to content

radovan

Gjest
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by radovan

  1. radovan

    Bensin forbruk.

    Er ikkje forbruket oppgitt på 90 km/t eller noko slikt? Du brukar ein del ekstra på å oppnå 110 km/t og dessutan er det nesten umogeleg å matche fabrikktal. Har du sett korleis dei riggar bilane?
  2. ...men no kan eg gjerne få avklaring...
  3. Ingen hast. Ta det ein dag du har tid.
  4. I lausvekt, sendbar i posten? Opplys meg.
  5. Det er ikkje ofte eg har hatt bil på verkstad, men det har då blitt ei handfull gongar opp gjennom åra. Trur ikkje eg har vore nøgd ein einaste gong. Alltid eitt eller anna som ikkje er gjort skikkeleg reint fagmessig eller som på andre måtar er under pari. Og det er skikkeleg drit når ein betaler mange tusen i arbeidspengar og gjerne tek seg fri for å hente og levere osv.
  6. Har kjøpt litt småtteri der og har ikkje noko å utsetje på det, verken pris, kvalitet eller leveringstid.
  7. Er det folk som har brukt felg frå VW på Granada? Eller er det fleire som kunne passe? Det ville gje litt meir å velje i. Skulle hatt nokre hjul til EU-kontrollen, så rimelege som mogeleg, og då er eg ikkje så kresen på korleis dei ser ut.
  8. Toppen er nok defekt på eitt eller anna vis. Det som var rart var at då eg demonterte motoren var det ikkje noko teikn til lekkasjar eller vatn. Ein skulle jo tru at kjølevæska skulle ha vaska vekk sotlaget på metallflatene. Det er iallfall slik eg har sett det før, med nokre normalt sota stempeltoppar og ein eller fleire som er reinvaska og tydeleg sladrar om at det har vore vaskehjelp innom. Så eg treng nok ny topp eller motor, ja. (Berre å skrike ut om det er nokon som har. Topp går jo i posten, men motor må ikkje vere for langt unna Nordfjord/Sunnmøre om eg skal få henta. ) Heldigvis har eg lang tidhorisont på denne bilen. Håpar det skal bli bil til odelstausa og ho er jo berre elleve enno. Men tida går jo så fort....
  9. Suksess! Det gjekk forbløffande greitt. Igjen takk for tipset!
  10. Får vurdere det. Medlemskapen betalar seg jo sjølv ganske snart om ein skal kjøpe litt deler. Eg har Land Rover og Citroen frå før og blitt bortskjemt med nettsider som har alt og enno litt meir til veldig gunstig pris. Typisk utval av typen billeg variant av usikker kvalitet, litt dyrare av god kvalitet og enno dyrare merkedeler. Så kan ein velje om ein skal ha topp deler til høg pris eller om ein kan kjøpe billege som kanskje er bra nok. Men eg finn ingen slike supermarked til Granada. Er det for få entusiastar?
  11. Takk! ...men det var no dyrt nok... Hadde tenkt å kjøpe til heile bilen og håpa å finne eit rimeleg sett.
  12. Har nokon tips om gode nettbutikkar der ein får deler til Granada? Akkurat no prøvar eg å finne eit rimeleg polyuretanforingsett, men det viser seg merkeleg komplisert å oppdrive.
  13. Bak? Takk for tipset. Eg tenkte det var lurt å ha bilen høgt framme, eg.
  14. Lar det seg gjere å montere motor og gir i eitt stykke? Tok nettopp ut dei gamle og kløna litt, så eg delte motor og gir for å ikkje skade noko. Men det ser verkeleg ut som det burde gå å tre heile drivverket på plass utan å dele det opp?
  15. Nei, no kjem det vatn i oljen og kraftig oljerøyk frå eksosen. Får vel leite etter ein annan motor etterkvart.
  16. Det hjelper kanskje lite når alt er ok ved kald motor? Kan kanskje time det, stå klar når det sprutar?
  17. 2,3 dohc 16v. Kan ein ikkje få kjøpt noko greier som påviser eksos i kjølevæska?
  18. Jepp, og radiatoren er ikkje blokkert. Har og prøvd med termostaten fjerna.
  19. Nei, dessverre. Bilen gjekk fint både fram og tilbake, men då han stod på tunet fosskoka han igjen. Merkeleg nok kan motoren gjerne gå heilt ok med normal driftstemp lenge (20 min?) men så plutseleg sprutar kjølevatnet ut. Det skjer gjerne når ein stoppar og motoren går på lavt turtal. Har prøvd med og utan lok på ekspansjonstanken med likt resultat. Det er heller ikkje spesielt høgt trykk i systemet, for slangane er ikkje harde sjølv om ein blokkerer overløpsslangen under springflo.
  20. Sende kona på jobben i dag med bilen. Betatest.
  21. Håp i hengande snøre? Køyrde ein liten tur nettopp og denne gongen heldt han på vatnet. Kan ein håpe?
  22. Etter det som må ha vore verdens lengst pågåande toppakningsbyte ser det dessverre ut til at bilen framleis kokar når motoren har gått nokre minutt. Dette problemet kom etter at varmeapparatregisteret gjekk tett (det var tett då eg kjøpte bilen og eg sleit lenge med å finne ut av det.) Etterkvart begynte bilen å koke, så eg rekna med at det kunne vere manglande kjølevæskesirkulasjon som hadde skada eitt eller anna. Toppen kom av, men toppakninga var heilt fin og same kor mykje eg pirka og leita med lys og lupe kunne eg ikkje finne noko teikn til sprekker eller noko som helst ureglementert. Det eg kunne sjå var at det var ganske mykje drit og avleiringar i kjølekanalane. Desse vart staka opp og blåst gjennom med både vatn og luft. Hadde derfor eit begrunna håp om at det var dette som var kjelda til problema. Så kom ein lang periode med helseproblem og altfor mykje anna som tok tid. Etterkvart fekk eg montert saman med ny toppakning, nye toppboltar og ny vannpumpe. Etter eit kvarter på tomgong sprutar det igjen friskt ut av overløpet på ekspansjonstanken og eg lurer på kva eg skal gjere no? Burde eg prøve å få tak i ein annan topp?
×
×
  • Create New...