Jump to content

Focus -03, bremsane heng seg opp


laRS-2000

Recommended Posts

Underlig problem som oppstår etter 7-8 km i 70-sone, då heng bremsane såpass at eg må i 3djegiret på flatmark for å halda 70, og gassen i bånn. Dette skjer uten at eg har rørt bremsen. Eg forlet veibana, står og ventar ca 5 minutt, og kan då kjøra vidare som normalt med minimalt heng på bremsane. Men berre tenker eg på å bremsa så heng dei seg opp og vil ikkje returnera.

 

Eg har to teoriar; er slangane svella opp innvendig sånn at bremseveska ikkje returnerer? Det vil vera rart for då er begge nøyaktig lika oppsvella i så fall. Men ikkje usannsynlig, dette har eg lest om her på forumet før. Bremsane bremsar heilt likt, bilen drar ikkje skeivt i det heile, så det fører tankane mine til bremsepumpa og at den er gåen, for dette høyres ut som et sentralt problem.

 

1,6 liter, -03 facelift-modell med ABS.

 

Oi, heldt på å gløyma dette: hjelp! :)

Link to comment
Share on other sites

Er forøvrig ikkje sikker på om bremseslangane er bytta nokogong på bilen, som har trilla 120.000 km ca. Har litt vondt for å tru det er bremsepumpa, for bakhjula er ledige og fine. Hadde det vore pumpa så skulle jo alt ha hengt seg opp. Eg får prøva å bytta slangane og sjå om det er dei, så har eg no prøvd det billigaste alternativet.

 

Seier takk til alle som skulle ha eit innspel her, så det er berre til å tenka høgt! :)

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Viss nokon skulle søka opp emnet og treffa på denne tråden så kan eg sei såpass at det var kaliprane som var heilt kaka i dette tilfellet. Mykje mulig pga gammal bremseveske (og påfølgande lite eller ingen smørje-egenskapar igjen) som hadde forringa kvaliteten på stempla i kaliprane og dermed fått dei til å henga seg opp. Såg nesten ut som dei hadde skjært seg. Jaja, no trillar bilen så lett som den aldri har gjort før!

Link to comment
Share on other sites

Har også vært borte i samme problem der noen "hobbymekanikere" hadde montert bremseklossene bak feil. "Fjørene" på br. kloss skal altid innover. Fort gjort å montere feil :) Der fungerte bremsene normalt til tider, men hang seg på som bare det av og til. 

92' Ford Sierra Cosworth 4x4

Link to comment
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
×
×
  • Create New...