Jump to content

laRS-2000

Gjest
  • Posts

    745
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by laRS-2000

  1. Kan det vera noko med regnsensoren som tullar seg viss du har det?
  2. Grunnen til at eg bokmerka denne sida på Finn var at dei kom opp når eg søkte etter noko speedometergreier der. Trur dei ordnar meir enn volvo sine. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=68056570
  3. laRS-2000

    Egr plate

    Får rista liv i denne tråden igjen med ett litt relatert/relevant spørsmål: har nokon blenda EGR på ein 1.6 tdci med kode HHDA? Korleis har dette gått? Feilkodar/nødmodus eller ingenting? Kva med opasiteten på PKK? Bytta spjeldhuset på min igår og titta inni plenumkammeret, det såg nasty ut🤢 Lyst å bytta eller rensa det og blenda EGR.
  4. Prøver ein sånn eg då! Så napper eg vekk heile antennefoten og finn noko å dekka holet med.
  5. Er allerede hol frå sigarettennaruttak der så det er kort vei ned til radioen. Skal kanskje prøve ei sånn då. Lurte på om det hindra/svekka signalet å ha den inni bilen. Så lurer eg på å berre fjerna alt innen antenne på taket og blenda holet på ein vakker måte.
  6. Er ikkje denne samme ulla som bilradiospesialisten si? Eg røska av antennefoten ein dag eg skulle måka snø av taket på bilen. Må aldri stryka pelsen mothårs på villdyr 😄 FM fins jo knapt lenger så å bala seg opp med ny antennefot og greier veit eg ikkje om eg giddar. DAB har eg tilkobla aux-inngangen. Står berre ein eira metallkladd igjen på taket no. Har dashbord med oppbevaringsrom på toppen som eg ikkje brukar til noko, går det ikkje fint å putta antenna oppi der?
  7. Her er ei side du kan leita opp kodane på i søkefeltet oppe til høgre: https://www.autocodes.com/c1175.html
  8. Har fått litt treff på den når eg har søkt på WRC-spoiler som liknar på denne. Fann ein spansk produsent igår som har vore på markedet sidan 1994 eg har sendt e-post til men har ikkje fått svar endå. Den er iallfall større enn ST-spoileren, og kan likna litt på størrelsen på RS. Viss det skulle skjæra seg fullstendig ved eventuell veikontroll eller eu-kontroll og påfølgande mangellapp så får eg ta den av og stilla til visning med den igjen Takk for svar!
  9. Kjøpte ein spoiler på finn for litt sia som var avertert under WRC-spoiler, men fekk ikkje med papir på den og selgar visste ikkje kva produsent det er sia han kjøpte bil med den ferdig montert. "Made in Spain" står det på den, produsert i nov/des i 04, polyuretan (ikkje glasfiber). Ingen produsentlogo, kun det som liknar på ein logo til venstre for 453, sjå bildene. Har folket erfaringar eller dårlige erfaringar med sånne spoilerar på eu-kontroll og liknande? Slår dei seg heilt vrange viss ein ikkje spyttar opp eit TUV-papir på det eller? Det skal seiast at eg har vrengt google bildesøk og andre bildesøketjenester for bilder etter denne spoileren uten hell.
  10. Trådtittel seier det meste vil eg tru, er på jakt etter ein spoiler som liknar på den som Focus RS har. Eller den som Ford leverte til vanlig Focus som var litt mindre. Link til norske nettbutikkar som har denne set eg også pris på! 90790192 Vaksdal, rett ved det berømte raset. Skulle vel hatt eit WRC veltebur også å sveist inn viss det kjem ei velta ned frå fjellet.
  11. Er på jakt etter tåkelys og innrammingane/dekslene til desse, gitteret som er i fangaren og gjerne gummileppa under fangaren også. 90790192 Vaksdal Pris uvisst.
  12. Æhhh... Det var i grunn ikkje den eg spørde om her. Men ellers takk.
  13. Jepp, er under fangaren eg meiner ja. Der som den svarte leppa orginalt er. Har du eit bilde av den? Eller link til eit bilde kanskje?
  14. Har ein 2003-modell facelift som eg har lurt på å kjøpa ein frontspoiler til. Er sikker på at eg eingong har sett ein som går litt i eitt med åpninga i fangaren, altså at holet (eller åpninga) fortset på spoileren likt som "skråane" på fangaren gjer. Er mottakelig for linkar til forskjellige sider som har styling til desse modellane, og gjerne norske! På forhånd takk Bilde for illustrasjon av desse "skråane" eg snakkar om
  15. Men det var bak, på min var det framme
  16. Viss nokon skulle søka opp emnet og treffa på denne tråden så kan eg sei såpass at det var kaliprane som var heilt kaka i dette tilfellet. Mykje mulig pga gammal bremseveske (og påfølgande lite eller ingen smørje-egenskapar igjen) som hadde forringa kvaliteten på stempla i kaliprane og dermed fått dei til å henga seg opp. Såg nesten ut som dei hadde skjært seg. Jaja, no trillar bilen så lett som den aldri har gjort før!
  17. Er forøvrig ikkje sikker på om bremseslangane er bytta nokogong på bilen, som har trilla 120.000 km ca. Har litt vondt for å tru det er bremsepumpa, for bakhjula er ledige og fine. Hadde det vore pumpa så skulle jo alt ha hengt seg opp. Eg får prøva å bytta slangane og sjå om det er dei, så har eg no prøvd det billigaste alternativet. Seier takk til alle som skulle ha eit innspel her, så det er berre til å tenka høgt!
  18. Underlig problem som oppstår etter 7-8 km i 70-sone, då heng bremsane såpass at eg må i 3djegiret på flatmark for å halda 70, og gassen i bånn. Dette skjer uten at eg har rørt bremsen. Eg forlet veibana, står og ventar ca 5 minutt, og kan då kjøra vidare som normalt med minimalt heng på bremsane. Men berre tenker eg på å bremsa så heng dei seg opp og vil ikkje returnera. Eg har to teoriar; er slangane svella opp innvendig sånn at bremseveska ikkje returnerer? Det vil vera rart for då er begge nøyaktig lika oppsvella i så fall. Men ikkje usannsynlig, dette har eg lest om her på forumet før. Bremsane bremsar heilt likt, bilen drar ikkje skeivt i det heile, så det fører tankane mine til bremsepumpa og at den er gåen, for dette høyres ut som et sentralt problem. 1,6 liter, -03 facelift-modell med ABS. Oi, heldt på å gløyma dette: hjelp!
  19. Loffen: dette kan vera karrosseriskøytane oppe i taket som det er lekkasje mellom, svigerfar min hadde lekkasje på si stv. og vatnet la seg på bagasjeromstrekket. Ford klarte nesten ikkje ordna det, hehe! Han var på Voss på verkstad med bilen ca 900 gonger.
  20. Var det Hall-giveren i fordelaren som hoppte over litt i ny og ne? Eg hadde ein sånn luring i min som gjorde at givaren berre spann på akslingen, medbringaren var heilt kaka.
  21. Du lurer på så masse her ser eg at eg skal gladelig sleppa deg inn hjå oss på N.E.R sjøl om du ikkje har Escort Mvh, administrator på registeret.
  22. laRS-2000

    Vifteproblem

    Bra teori der, Bard. Og Huti sin også, gammel og sprø kan den nok ha blitt også!
  23. laRS-2000

    Vifteproblem

    Det som er rart er at dette skjedde på vinteren med min, og liksom over natta. Om morgonen virka det plutselig berre på 4, og attpåtil så ville ikkje døra henga igjen sia låseklakken hadde frøse fast Men det kan jo henda det var pga høg varme dagen før, ikkje godt å seia. Takk for svar forresten, eg får sjå kva eg endar opp med. Kan jo berre høyra med Ford kva dei vil ha for ein boks og så er eg sikker. Må jo loddast fort og gale og med høg varme detta sia det er termosikring, sånn at den ikkje blir ødelagt av varmen frå loddebolten.
  24. laRS-2000

    Vifteproblem

    Dette var interessant å sjå kvifor det virkar på 4 men ikkje på 1, 2 og 3. Fins det lause termosikringar her til lands, evt korhen? Og er det noko fare med å berre lodda på ein ledningsstump der? Og kva funksjon har denne termosikringa egentlig? Unnskyld kapring av tråden her, eg blei berre så full i spørsmål
  25. Prøv å ta av luftfilteret og sett eit flatt skrujern mellom spjeldet under luftfilteret og godset på bensinmengdefordelaren sånn at det såvidt står litt på gløtt. Prøv så å start motoren for å sjå om det går bedre enn uten å gjera dette. Du merkar det best på kald motor om dette hjelper. Er det varmeapparatet eller heile motoren som ikkje blir varm? Eg hadde eit termostathus som tulla seg litt, der mangla det ei slags blending på noko som likna på ein bypass-kanal og den gjorde det til at motoren aldri blei skikkelig varm. Nytt (brukt) termostathus og då blei det straks koselig inni bilen igjen!
×
×
  • Create New...