Jump to content

Garegaupa

Gjest
  • Posts

    34
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Garegaupa

  1. Hei, folkens! No gjenopplivar eg ein relativt gammal tråd her, men sidan spørsmålet er ein variant av det som eg tidlegare har spurt om her så tenkte eg det var mest ryddig å gjere det slik. Eg har drive og sett litt på slike uoriginale stereoanlegg for montering i Ford Ranger som det Wolfen refererer til over her. Hovudgrunnane mine til å sjå etter noko slikt er for å få inn ei meir integrert DAB-radioløysing enn den eg har no (som fungerer litt så-som-så), og for å ha mogelegheiter for litt meir avanserte funksjonar slik som navigasjon, appar og liknande. Eg har sett litt på denne her, som eg synest ser rimeleg bra ut: http://carboncarsystems.com.au/ford-ranger-px1-stereo-replacement/ Det største aberet her er at med denne så misser ein mogelegheita til å styre telefonen med knappane på rattet, og eg ynskjer ikkje å misse noko av den originale funksjonane til knappane på rattet. Eg veit heller ikkje om denne verka saman med ein europeisk Ranger, eller om det er nokon forskjellar her. Er det nokon som veit om eit liknande produkt av god kvalitet som gjer at eg ikkje misser nokon av den originale funksjonane i bilen, samstundes som eg får inn DAB+, navigasjon og Android? Dei som Wolfen refererer til ser for meg ut til å ha berre FM/AM-radio, samt at eg vert noko skeptisk til kvaliteten generelt når eg ser at nettsida dei ligg på er skriven på veldig dårleg engelsk... Ein norsk forhandlar hadde vore ideelt, men viss kvaliteten er god og eg veit eg får noko som passar til min bil så bestiller eg gjerne frå utlandet òg. Bilen det er snakk om er ein 2013-modell, oppgradert med originalt ryggekamera (i spegelen), men utan original navigasjon.
  2. OK, skjønar. Trur nok likevel eg går for den framgangsmåten som står i brukarrettleiinga for å vere sikker på at eg ikkje gjer noko feil. Eg har dobbeltsjekka med dei som fører dette settet, og dei seier dei aldri har hatt nokon klager på at dette montering av det har utløyst startsperra, så då lyt eg berre tru at det går greitt i mitt høve òg.
  3. OK, seier du det? Er det betre å gjere det, meiner du?
  4. Har du noko namn på det settet du såg på, tuszi? (Uansett så er det nok litt seint for min del, sidan eg alt har kjøpt det andre settet, men det spørs berre om det gjer noko å klyppe dei leidningane eg prata om eller ikkje? Viss ikkje det gjer noko så trur eg det er eit veldig greitt sett.)
  5. Har akkurat kjøpt dette settet, og tenkte å prøve å montere det snart. Monteringa ser veldig grei ut basert på vedlagt brukarrettleiing, men eg har eitt lite spørsmål: For å kople settet til sentrallåsen så lyt eg klyppe av to leidningar i bilen (som skal liggje under eit deksel ved døra framme) og kople settet inn på dei. Eg har høyrt ein del skrekkhistorier om folk som har spleisa leidningar i nyare bilar, og så ikkje fått start på bilen grunna startsperre. Er dette noko eg risikerer på min bil?
  6. Takk for alle innspel, folkens! Eg får vel berre ta meg ein ny bytur og skifte rute ein gong til, då... Nå vel, der har ein fordelen med å ha ein såpass ny bil, sidan ein kan ta slikt på garantien!
  7. OK, godt å høyre at dei ikkje skal vere så dårlege! Nokon idear om kva som kan vere medverkande årsak(ar) her? Mondeo Power nemner steinsprut som ein mogeleg "syndar", men eg har ikkje registrert nokon skadar i ruta dei gongene dette har skjedd. Kan det vere ein eller annan styringsmodul for systemet som gjev for høg spenning og "brenner ut" trådane, eller noko i den duren? Eg stussar på at ikkje Ford-verkstaden sjekka litt grundigare etter å ha fått inn same bilen med same problemet to gonger på rad same året.
  8. Dette er andre vinteren eg har bilen, og problemet oppstod då to gonger førre vinter og ein gong no. Viss det skal skje to gonger i året i snitt frametter så vert det fort mange turar til byen for å skifte rute (eg bur cirka 14 mil unna næraste Ford-verkstad)... Kor lenge har du hatt din Ranger, tuszi, og har dette skjedd deg òg meir enn ein gong? Skal desse varmetrådane vere så dårlege at dei ikkje toler nokon ting så kunne Ford like godt droppa heile greia, etter mi meining. Det er utruleg behageleg å ha denne funksjonen, men føresetnaden er no at det faktisk virkar...
  9. Heisann! Eg har og har hatt store problem med varmetrådane i frontruta på min 2013-modell Ford Ranger Limited. Det begynte med at eg for ei tid sidan oppdaga at nokon av trådane (eit 5-6 centimeter breitt samanhengande vertikalt felt) ikkje fungera. Sidan bilen er godt innanfor garantitida så tok eg eit bilete som synte kor feilen låg, og forhandlaren skifta frontrute utan kostnad for meg. Vel og bra, men så gjekk det nokon månadar før same problemet dukka opp att, men no ein annan plass på ruta. Eg sa ifrå, og ruta vart skifta ein gong til. Her om dagen skulle eg tine opp bilen før eg skulle ut og køyre, og trur du fordundre meg ikkje at eg ser same problemet har oppstått enno ein gong! Kva i all verda er dette for noko? Er dette eit svakt punkt på Rangeren? Eg får nok skifta rute att utan at det kostar meg meir enn tid og frustrasjon, men problemet må då liggje ein annan plass når det same skjer opp att og opp att? (PS: Berre for ordens skuld så har eg aldri vore i nærleiken av ruta med isskrape eller tilsvarande reiskap, nettopp for ikkje å gjere skade på desse trådane, så eg trur ikkje det skal kunne vere mekanisk skade som fører til dette problemet.)
  10. Takk for svar, grcossie! Då lyt eg sjå om eg ikkje tingar meg eit slikt sett etter kvart. Det hadde vore greitt med sentrallåsing på bakluka no som eg fekk montert så flott eit rulledeksel frå Mountain Top oppe på Voss no i vår.
  11. Hei, folkens! Eg har kikka litt på dette her: http://www.eagle4x4.com/ford-ranger-t6-central-locking-tailgate-lock/ Er det nokon grunn til å tru at dette ikkje vil passe til ein 2013-modell Ford Ranger Double Cab Limited kjøpt her i Noreg? Er det nokon som har erfaring med om desse her er så enkle å montere som seljaren skal ha det til (ikkje at eg er redd for ei utfordring når det gjeld mekking, men eg er nok noko meir tilbakehalden enn vanleg med ein såpass ny bil... )?
  12. Femti tusen kilometer på eitt oljeskift!? Det var spenstige greier! Tydeleg det har skjedd ein del både på motor- og oljefronten sidan min førre bil, ein 88-modell Volvo 240! Ja ja, ut frå det du seier der, samt det faktum at du tydelegvis har ein del erfaringar med dette, tuszi, så ventar eg like godt til to år/tretti tusen - det er ikkje så lenge att til nokon av delane likevel no. Tusen takk for svar og innspel, båe to!
  13. RHH: OK, ser ut som me tenkjer nokolunde likt der. Men eg synest likevel det er rart at dei i så fall legg opp til 30.000 km frå fabrikanten si side? Dei har då ikkje noko å tene på å strekkje det lengst mogeleg, så langt eg kan sjå? Det ville vel vere meir pengar for forhandlarane i hyppigare oljeskift? Eller er dei så kyniske at dei satsar på at motoren eller tilhøyrande komponentar går i stå etter X år slik at du må kjøpe ny bil? Kan ikkje seie at eg synest det høyrast ut som veldig god reklame for Ford heller... tuszi: Jau, eg er med på at det går mykje olje på den motoren, så berre den i seg sjølv vil koste ein del. Men kr 250,- per liter x 8,6 liter = kr 2.150,-, og frå der er det eit stykke opp til kr 3.700,-. Klart det, dei skal ha betala for jobben på verkstaden, men då kan eg like godt kjøpe oljen privat og gjere jobben sjølv så sant det ikkje går ut over garantien. Eg er berre redd for at dei då, når eg kjem inn på to-årsservice i desember, ikkje kjem til å ha dette oljeskiftet i datasystemet sitt, og så berre skiftar oljen på nytt - noko eg då sjølvsagt ville måtte betale for. Så langt eg kan forstå ut frå det eg kan lese meg fram til så mistar du ikkje garantien av å skifte olje sjølv? Men spørsmålet er om eg skal gjere dette, og ta sjansen på at dei tømmer ut snaue ni liter med splitter ny olje i vasken i desember, eller om eg berre skal ta dei på ordet og vente til 2 år/30.000 km?
  14. Heisann, folkens! Eg har ein 2013-modell Ford Ranger som har gått rundt 22.000 kilometer no, og nærmar seg 2-års service (desember), eller 30.000 kilometer-service, viss det kjem fyrst. På verkstaden seier dei at eg ikkje treng å skifte olje før den tid, men eg synest det høyrast lenge ut å køyre opp til 30.000 kilometer utan å skifte olje! I "gamle dagar" så rekna eg i grovt 15.000 kilometer på syntetisk olje og 10.000 kilometer på mineralolje. Har oljen og motorane blitt så bra no at eg berre kan la det gå fram til service, eller bør eg ta eit skift før den tid? Og er det nokon som veit om Ford sin garanti tillet at eg kan skifte oljen sjølv? Eg spurde der eg kjøpte bilen, og dei skulle ha kr 3.700,- for eit oljeskift!!!!!!!!! Ein skulle tru oljen var metta med diamantstøv... Uansett, slike beløp betalar eg ikkje for å skifte olje og filter på ein bil, ein operasjon eg kan gjere sjølv på ein halv time til ein brøkdel av prisen. Men, eg er sjølvsagt interessert i å ikkje risikere å miste garantien så lenge eg har ein såpass ny bil.
  15. OK, takk for svar igjen! Denne karen på Lafinto, har du sjans til å spørje han om dette, eller er der ein eller annan måte eg kunne kome i kontakt med han på?
  16. Mange takk for hjelpa, dette var greitt å vite! Denne oversikta skal eg ta vare på, og så ser eg ikkje bort frå at det vert gjort ein slik installasjon i bilen min etter kvart! Det er nesten så eg skjemst for å spørje, for det er sikkert ein del jobb og styr for deg med å finne fram alt dette her, men hadde du tilsvarande dele- og prisliste for viss ein ville skifte ut audiosystemet med det som har 5" skjerm og navigasjon (som er standard på Wildtrak og tilval på Limited)? Dette var òg blant dei tinga eg fekk beskjed om at ikkje gjekk an å installere i ettertid, men slik eg forstod det så hadde de gjort dette òg hjå dykk? Igjen så takkar eg veldig for hjelpa så langt, og du må ikkje nøle med å seie ifrå viss det vert for mykje sjau med dette her - eg har ikkje lyst til å utnytte hjelpsemda di heller!
  17. Hei igjen, grcossie! Eg ville berre høyre om du har hatt sjans til å sjå noko meir på dette? Det er ingenting som spring av, men eg veit sjølv kor enkelt det er å gløyme ting i ein travel kvardag!
  18. Hei igjen, alle saman! Ei lita oppdatering: Eg var innom forhandlar i dag for å få dei til å sjå på DAB-radioen. Då mekanikaren fekk opna opp og kikka så såg han at dei hadde kopla nokon leidningar feil. Han fekk retta opp i dette, og no ser alt ut til å fungere som normalt. Så då var det ikkje berre eg som var heilt på jordet. (Så mykje som eg har mekka og plagast med bilar sjølv opp gjennom åra så vert eg like glad kvar gong fagfolk gjer ein feil. Det hjelper på sjølvbiletet mitt som hobby-mekanikar! ) Uansett, takk for all hjelp her, folkens! Det verkar som om det er mykje god fagkompetanse på dette forumet, så då veit eg i alle fall kor eg skal spørje viss det er noko eg lurar på!
  19. Så langt eg kan sjå så skjer der ingen verdens ting. Eg har prøva alle kombinasjonar eg kan tenkje meg, men ikkje kjem der opp noko på skjermen i bilen, og ikkje begynner navigasjonsknappane å virke att heller. Og så langt eg kan sjå så får eg ikkje inn nokon kanalar på DAB (altså dei som eg burde fått inn som ikkje ligg på vanleg FM) uansett kva eg gjer. Spørs om ikkje det lyt verte ein telefon til forhandlaren i morgon tidleg.
  20. OK, då prøvar eg forhandlaren fyrst. Dei lyt uansett ordne opp i dette kostnadsfritt, dei kan ikkje greitt levere frå seg ein bil der ein må vere elektroingeniør for å få DAB-radioen til å virke... Eg tek ein prat med dei over helga. Uansett, takk for hjelpa så langt! Eg skal heller seie ifrå viss det skulle vere noko meir eg lurar på!
  21. Nei, no skjønar eg mindre enn ingenting her... Eg klara å finne litt meir informasjon på Internett: http://www.autodab.com/OEM.aspx (Som sagt ovanfor så fekk eg ikkje til å laste ned rettleiinga for Ranger frå denne sida, men viss ein går på Transit Custom, som har same delenummer på DAB-modulen, så får ein lasta ned ein PDF som ser meir korrekt ut i høve til min bil. Får diverre ikkje lagt inn direkte lenkje til den rette sida.) https://www.youtube.com/watch?v=QVmQuLD9zws (Ein Youtube-video som syner bruken av AutoDAB i Ford.) Sidan eg verken fekk brukarrettleiing eller opplæring frå forhandlar anna enn at dei sa at DAB no var installert så var ikkje eg klår over at eg måtte gå inn på ein eigen "Preset" for å få inn DAB... Uansett, no prøva eg "Preset 6", som er det dei syner til i Youtube-videoen, men der var det ingenting. Og viss eg søkjer inn frekvens 87,8 MHz manuelt så får eg berre støy. Det som er så rart er at det verkar som om eg klara å slå av DAB-modulen i går (ved å trykke to gongar på stemmeknappen, som tuszi føreslo), for då begynte navigasjonsknappane å fungere att. Men no verkar det som om eg har fått slått på DAB-en att uforvarande, for no fungerer plutseleg ikkje dei knappane lenger. Og no fungerer heller ikkje det eg gjorde i går for å slå av att DAB-modulen... Er det berre eg som er treg som motorolje i førti minusgrader som ikkje finn ut av dette? Eller er det noko som absolutt ikkje stemmer her? I sistnemnde høve får eg ta meg ein tur bort til forhandlar og få dei til å sjå på det.
  22. OK, no har eg styra litt meir med denne radioen, og eg kan ikkje begripe anna enn at her må vere noko rart... No får eg plutseleg ikkje til å slå av DAB-funksjonen att, og knappane på rattet gjev ingen respons. Eg har prøvd å finne brukarrettleiinga på nettet, og kom fram til denne sida her: http://cms.connects2.co.uk/OEMRangeProducts.aspx?id=3179&amp%3bpartno=AD1805091.#.VDhkyDa0PvM Men eg får ikkje til å laste ned rettleiinga (User Guide) herifrå, det ser ut som om der er noko feil med nettsida. Eg søkte enno litt vidare, og fann fram til dette dokumentet her: http://bilradiospes.no/filarkiv/2014/04/27/1535cc539305c8.pdf Her står rett nok ikkje Ford Ranger nemnt, men eg har fått inntrykk av at dette er same modulen? Uansett, så langt eg kan skjøne, så skulle eg kunne kome inn i ein eller annan meny for å få programmert DAB-modulen, og sjølv om DAB er aktivt så skulle vel høgre- og venstre-knappane på rattet fungere saman med DAB-modulen, dei skulle vel ikkje verte heilt nøytraliserte slik dei er no...? Det er mogeleg eg overser eitt eller anna opplagt, eller at eg er på feil brukarrettleiing her, men eg får i alle fall ingen av dei prosedyrane som er beskrivne her til å fungere...
  23. Ja, før eg kjøpte den Ranger-en eg har no så prøvekøyrde eg ein Wildtrak med det ryggekameraet. Som de seier, det var eit utruleg greitt hjelpemiddel! Ryggesensorane hjelper godt, men vil sjølvsagt ikkje vere til stor nytte ved tilkopling av hengar - og ein bil som dette ber om å ha ein hengar trekkande etter seg!
  24. OK, høyrast ut som dette kanskje er ein litt spenstig operasjon å gå laus på som hobbymekanikar - i alle fall på ein såpass ny og fin bil! Eg kan godt gå laus på ein gammal, velbrukt bil med skrutrekkar, hammar og meisel, men eg kjenner eg er litt skeptisk til å begynne på såpass avansera installasjonar på ein bil som er splitter ny og så godt som ubruka... Ville du ha spurt han kollegaen din om han har eit overslag på kva ein slik installasjon ville koste viss ein får det gjort på verkstad, inkludert både delar, utstyr og arbeid (gjerne prisen for installasjon av ryggekamera og navigasjonssystem kvar for seg)? Eg treng ikkje noko nøyaktig pris, men det kunne vore litt interessant å vite kva område det ligg i.
  25. OK, då var det ikkje så rart! Trur ikkje eg fekk med noko brukarrettleiing til sjølve DAB-adapteret, faktisk... Får spørje dei borte der eg kjøpte bilen om dei kan skaffe meg denne, kan vere kjekt å ha!
×
×
  • Create New...