Aha, då er eg med. Vel, tusen takk for god hjelp så langt! Som sagt så hadde det vore veldig interessant å høyre delenummera på alt som trengst, samt eit overslag på kva det ville koste å få tak i det. Er dette noko ein normalt nevenyttig hobbymekanikar kan få til sjølv, eller bør ein få ein verkstad til å gjere det? Eg er langt frå nokon utdanna mekanikar, men eg har no skifta olje og oljefilter, vasspumpe, bremseklossar og -skiver, hjullager, radiator og anna tilsvarande på den gamle bilen min, samt feilsøkt og fiksa ein del elektriske problem, utan anna hjelp enn Haynes-manualen og verktøykassa.