Jump to content

Oljeskift 2013 Ford Ranger


Garegaupa

Recommended Posts

Heisann, folkens!

 

Eg har ein 2013-modell Ford Ranger som har gått rundt 22.000 kilometer no, og nærmar seg 2-års service (desember), eller 30.000 kilometer-service, viss det kjem fyrst. På verkstaden seier dei at eg ikkje treng å skifte olje før den tid, men eg synest det høyrast lenge ut å køyre opp til 30.000 kilometer utan å skifte olje! I "gamle dagar" så rekna eg i grovt 15.000 kilometer på syntetisk olje og 10.000 kilometer på mineralolje.

 

Har oljen og motorane blitt så bra no at eg berre kan la det gå fram til service, eller bør eg ta eit skift før den tid?

 

Og er det nokon som veit om Ford sin garanti tillet at eg kan skifte oljen sjølv? Eg spurde der eg kjøpte bilen, og dei skulle ha kr 3.700,- for eit oljeskift!!!!!!!!! Ein skulle tru oljen var metta med diamantstøv...  :wacko: Uansett, slike beløp betalar eg ikkje for å skifte olje og filter på ein bil, ein operasjon eg kan gjere sjølv på ein halv time til ein brøkdel av prisen. Men, eg er sjølvsagt interessert i å ikkje risikere å miste garantien så lenge eg har ein såpass ny bil.

Link to comment
Share on other sites

Vil for alldel anbefale at du skifter olje og filter med maks interval på 15000.

30000km er roten til problemer mange ganger dyrere en ekstra oljeskift!

89 FORD SIERRA SEDAN IS Bruksbil

94 FORD SCORPIO STV Bruksbil–SOLGT

FORD SIERRA SEDAN Proskjekt

Link to comment
Share on other sites

RHH: OK, ser ut som me tenkjer nokolunde likt der. Men eg synest likevel det er rart at dei i så fall legg opp til 30.000 km frå fabrikanten si side? Dei har då ikkje noko å tene på å strekkje det lengst mogeleg, så langt eg kan sjå? Det ville vel vere meir pengar for forhandlarane i hyppigare oljeskift? Eller er dei så kyniske at dei satsar på at motoren eller tilhøyrande komponentar går i stå etter X år slik at du må kjøpe ny bil? Kan ikkje seie at eg synest det høyrast ut som veldig god reklame for Ford heller...  :P

 

tuszi: Jau, eg er med på at det går mykje olje på den motoren, så berre den i seg sjølv vil koste ein del. Men kr 250,- per liter x 8,6 liter = kr 2.150,-, og frå der er det eit stykke opp til kr 3.700,-.  :) Klart det, dei skal ha betala for jobben på verkstaden, men då kan eg like godt kjøpe oljen privat og gjere jobben sjølv så sant det ikkje går ut over garantien. Eg er berre redd for at dei då, når eg kjem inn på to-årsservice i desember, ikkje kjem til å ha dette oljeskiftet i datasystemet sitt, og så berre skiftar oljen på nytt - noko eg då sjølvsagt ville måtte betale for.

 

Så langt eg kan forstå ut frå det eg kan lese meg fram til så mistar du ikkje garantien av å skifte olje sjølv? Men spørsmålet er om eg skal gjere dette, og ta sjansen på at dei tømmer ut snaue ni liter med splitter ny olje i vasken i desember, eller om eg berre skal ta dei på ordet og vente til 2 år/30.000 km?

Link to comment
Share on other sites

Ikke problem enda, men vent noen år så raser det motorer o fleng;) bare se på vag og deres longlife bullshitt opplegg!

89 FORD SIERRA SEDAN IS Bruksbil

94 FORD SCORPIO STV Bruksbil–SOLGT

FORD SIERRA SEDAN Proskjekt

Link to comment
Share on other sites

Ikke problem enda, men vent noen år så raser det motorer o fleng;) bare se på vag og deres longlife bullshitt opplegg!

har sett flere motorer som har blitt åpnet etter slike intervaler på ford uten at dette har noe spesielle avleiringer

Link to comment
Share on other sites

Samme motor i transit og den har 2år 50000 intervall

 

Femti tusen kilometer på eitt oljeskift!?  :blink: Det var spenstige greier! Tydeleg det har skjedd ein del både på motor- og oljefronten sidan min førre bil, ein 88-modell Volvo 240!  :D

 

Ja ja, ut frå det du seier der, samt det faktum at du tydelegvis har ein del erfaringar med dette, tuszi, så ventar eg like godt til to år/tretti tusen - det er ikkje så lenge att til nokon av delane likevel no.

 

Tusen takk for svar og innspel, båe to!  :)

Link to comment
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
×
×
  • Create New...