Garegaupa Posted October 9, 2014 Posted October 9, 2014 Hei, folkens! Eg har nyss kjøpt meg ein 2013-modell Ford Ranger Double Cab Limited. Denne har i grunnen alt det eg treng av ekstrautstyr, men eg er likevel litt interessert i å sjekke mogelegheitene for å på eit seinare tidspunkt kunne setje inn originalt ryggekamera (altså det som er integrert i spegelen) og/eller navigasjonssystem med berøringsskjerm i denne bilen. Seljaren (bilen er kjøpt hjå forhandlar) påstår at dette ikkje går, då bilen må vere konstruert for dette utstyret frå fabrikken. Dette synest eg høyrast veldig rart ut. Eg ville tru at bilen var konstruert slik at leidningsnettet er likt på alle bilane frå fabrikken, berre at det aktuelle utstyret ikkje er tilkopla. Eg har kameratar som har tilsvarande erfaringar ved spørsmål om ettermontering av ymse ekstrautstyr, der forhandlar enten seier at nei, det går ikkje eller at dei kan ordne det mot eit god slump pengar. Når kameratane mine så har sjekka og mekka litt så har dei ofte funne ut at det berre er snakk om ein enkel operasjon for å få på det aktuelle ekstrautstyret, eller å aktivere deaktiverte funksjonar. Dei som sel bilane er naturleg nok ikkje interesserte i at Ola og Kari skal vite om slikt som dette, dei vil ha pengane for jobben sjølve - og det er vel på service og ekstrautstyr dei får inn pengar no for tida, ikkje så mykje på sjølve bilsalget. Så, er det nokon som veit om det eg lurar på går an å få til? Eg har leita rundt på nettet etter koplingsskjema for 2012+ Ford Ranger utan å finne noko, og eg reknar med at Ford Norge ikkje er overmåte interesserte i å utlevere dette til meg...
grcossie Posted October 9, 2014 Posted October 9, 2014 (edited) Jo det går ann, en her har gjort det på mangen biler, som skulle hatt det org. Er en del ledningsnett, som må til.Visst den bilen du har, fikk skrevet bestilling på før mai 2013, så skulle den hatt det fra fabrikk. Dette gjelder Limited og Wildtrack. Wildtrack har det forsatt som standar Edited October 9, 2014 by grcossie 1
Garegaupa Posted October 9, 2014 Author Posted October 9, 2014 (edited) Hei, og takk for kjapt svar! Er det ein her på forumet som har gjort dette, eller ein du kjenner? Det kunne uansett vore interessant å fått kontakt med vedkommande for å få litt meir informasjon. Bilen eg har er fyrstegongsregistrert i Noreg i desember 2013, så det vil altså seie at den truleg ikkje har det leidningsnettet som må til viss eg forstår deg rett? Edited October 9, 2014 by Garegaupa
grcossie Posted October 9, 2014 Posted October 9, 2014 Er en jeg jobber ilag med på Ford her. Han er ikke noe innpå her, men jeg kan finne dele nr på allt du trenger. Førstegangs reg, har ikke noe å si her, da det var lang ventetid på disse bilene. Er datoen den er best fra forhandler, som gjelder. Det var merket som standar utstyr på Limited og Wiltrack i starten, dette er nå endret til kunn Wildtrack. Uansett så kan man montere dette på alle i ettertid, så han du snakket med på Ford hos deg, hvet ikke hva han snakker om 1
Garegaupa Posted October 9, 2014 Author Posted October 9, 2014 Hei igjen! Ja, viss du ville ha vore brydd med å finne dei aktuelle delenummera og det som elles måtte trengjast av informasjon så hadde eg sett stor pris på det! Men det er ikkje noko som hastar, ta det viss/når du har tid. Angåande om det som skal vere av leidningar allereie er installert eller ikkje: Er det nokon måte eg kan sjå dette på sjølve bilen nokså enkelt, eller lyt eg eventuelt skru opp saker og ting og sjekke? Eller kanskje eg kan søkje på understellsnummer einkvan plass for å finne ut om denne bilen er "innanføre" eller ikkje?
grcossie Posted October 9, 2014 Posted October 9, 2014 Alle bilene har det som trengst, men det er et eget ledningsnett, som må trekkes opp. Har ikke gjort denne jobben selv, men kolegaen min, har vell gjort det på 5-6 biler, der Ford måtte dekke en del av kostnaden
Garegaupa Posted October 9, 2014 Author Posted October 9, 2014 (edited) ...der Ford måtte dekke en del av kostnaden Å, såpass? Kva kjem det av at dei tok sin del av kaka, vert det rekna som ein "feilkonstruksjon" at det aktuelle leidningsnettet manglar? Eller er det ein slags kompensasjon for at dei "ombestemte" seg og droppa desse tinga som standardutstyr i Limited? Edited October 9, 2014 by Garegaupa
grcossie Posted October 9, 2014 Posted October 9, 2014 De måtte ta en del og vi resten. Feilen kom av at det ble reklamert som standarutsryr på Limited, men da de kom, hadde ikke alle det alikevell. Så lenge det står i brosjyrene, så har kunden rett til å få sin vare. Dette er nå fjernet fra brosjyrene, så da er det ikke standar lenger
Garegaupa Posted October 9, 2014 Author Posted October 9, 2014 (edited) Aha, då er eg med. Vel, tusen takk for god hjelp så langt! Som sagt så hadde det vore veldig interessant å høyre delenummera på alt som trengst, samt eit overslag på kva det ville koste å få tak i det. Er dette noko ein normalt nevenyttig hobbymekanikar kan få til sjølv, eller bør ein få ein verkstad til å gjere det? Eg er langt frå nokon utdanna mekanikar, men eg har no skifta olje og oljefilter, vasspumpe, bremseklossar og -skiver, hjullager, radiator og anna tilsvarande på den gamle bilen min, samt feilsøkt og fiksa ein del elektriske problem, utan anna hjelp enn Haynes-manualen og verktøykassa. Edited October 9, 2014 by Garegaupa
grcossie Posted October 9, 2014 Posted October 9, 2014 Litt arbeid er det, ledningsnettet må ligge slik det skal ligge, for å ikke få strekk skader, da en pickup lever litt i karosseriet. Hvet ikke om man må kople seg innpå eksisterende ledningsnett, eller om det bare er kontakter, men med litt vilje, så klarer en det meste
grcossie Posted October 10, 2014 Posted October 10, 2014 Spurte han som har gjort dette hos oss idag, det er nytt ledningsnett til karm, og må løyse taktrekk for å trekke frem til speil
Garegaupa Posted October 10, 2014 Author Posted October 10, 2014 OK, høyrast ut som dette kanskje er ein litt spenstig operasjon å gå laus på som hobbymekanikar - i alle fall på ein såpass ny og fin bil! Eg kan godt gå laus på ein gammal, velbrukt bil med skrutrekkar, hammar og meisel, men eg kjenner eg er litt skeptisk til å begynne på såpass avansera installasjonar på ein bil som er splitter ny og så godt som ubruka... Ville du ha spurt han kollegaen din om han har eit overslag på kva ein slik installasjon ville koste viss ein får det gjort på verkstad, inkludert både delar, utstyr og arbeid (gjerne prisen for installasjon av ryggekamera og navigasjonssystem kvar for seg)? Eg treng ikkje noko nøyaktig pris, men det kunne vore litt interessant å vite kva område det ligg i.
grcossie Posted October 10, 2014 Posted October 10, 2014 Skal sjekke priser og høre hva prisen ligger på, Er nok noen kr, men kjekt med kamera. Er veldig klart bilde på dem,selv omdet er litt lite. Perfekt ved rygging til tilhenger
Garegaupa Posted October 10, 2014 Author Posted October 10, 2014 (edited) Ja, før eg kjøpte den Ranger-en eg har no så prøvekøyrde eg ein Wildtrak med det ryggekameraet. Som de seier, det var eit utruleg greitt hjelpemiddel! Ryggesensorane hjelper godt, men vil sjølvsagt ikkje vere til stor nytte ved tilkopling av hengar - og ein bil som dette ber om å ha ein hengar trekkande etter seg! Edited October 22, 2014 by Garegaupa
Garegaupa Posted October 22, 2014 Author Posted October 22, 2014 Skal sjekke priser og høre hva prisen ligger på Hei igjen, grcossie! Eg ville berre høyre om du har hatt sjans til å sjå noko meir på dette? Det er ingenting som spring av, men eg veit sjølv kor enkelt det er å gløyme ting i ein travel kvardag!
grcossie Posted October 22, 2014 Posted October 22, 2014 Hei ja, skal se om jeg får sjekka litt i morgen, er nett dratt på delelageret her nå. 1
grcossie Posted October 23, 2014 Posted October 23, 2014 Hei igjen. Da har jeg fått en liste over hva du trenger for å gjøre det som org. Pris er uten moms Dele nr: 1733875 Speil 4713,- 1737640 Ledningsnett bakluke 224,- 5139019 Sett innkapsling 223,- 5069735 Kamera 1852,- 4905331 Skrue med pakning 2stk 17,- pris pr stk 4979133 Innfelling 2stk 13,- pris pr stk 5176169 Emblem 268,- 1815692 Ledningsnett 1645,- 58681 Ledningsnett 297,- (mangler første tall i dele nr på arket her) Her er for 12v uttak i karm,for de som mangler det 1750655 Ledningsnett 200,- 4703424 Kontakt 225,- 5049838 Fjærmutter 4stk 13,- pris pr stk 1670502 Skrue 4stk 94,- pris pr stk 1
Garegaupa Posted October 23, 2014 Author Posted October 23, 2014 Mange takk for hjelpa, dette var greitt å vite! Denne oversikta skal eg ta vare på, og så ser eg ikkje bort frå at det vert gjort ein slik installasjon i bilen min etter kvart! Det er nesten så eg skjemst for å spørje, for det er sikkert ein del jobb og styr for deg med å finne fram alt dette her, men hadde du tilsvarande dele- og prisliste for viss ein ville skifte ut audiosystemet med det som har 5" skjerm og navigasjon (som er standard på Wildtrak og tilval på Limited)? Dette var òg blant dei tinga eg fekk beskjed om at ikkje gjekk an å installere i ettertid, men slik eg forstod det så hadde de gjort dette òg hjå dykk? Igjen så takkar eg veldig for hjelpa så langt, og du må ikkje nøle med å seie ifrå viss det vert for mykje sjau med dette her - eg har ikkje lyst til å utnytte hjelpsemda di heller!
grcossie Posted October 23, 2014 Posted October 23, 2014 Vi har ikke bytta spilleren hos oss. Det går nok også ann, men der er det vanskelig å finne ut hva som trengst. Er en, som jobber på Lafinto, som har god greie på Ranger, og har hatt 6-7stk, han har hevet og breddet 2nye nå. Mulig han har vært borti stereoen også Bare å spørre i vei, skal prøve å svare så godt jeg kan. Skulle jeg gå glipp av en tråd, så kan du sende pm
Garegaupa Posted October 24, 2014 Author Posted October 24, 2014 OK, takk for svar igjen! Denne karen på Lafinto, har du sjans til å spørje han om dette, eller er der ein eller annan måte eg kunne kome i kontakt med han på?
Garegaupa Posted October 4, 2017 Author Posted October 4, 2017 Hei, folkens! No gjenopplivar eg ein relativt gammal tråd her, men sidan spørsmålet er ein variant av det som eg tidlegare har spurt om her så tenkte eg det var mest ryddig å gjere det slik. Eg har drive og sett litt på slike uoriginale stereoanlegg for montering i Ford Ranger som det Wolfen refererer til over her. Hovudgrunnane mine til å sjå etter noko slikt er for å få inn ei meir integrert DAB-radioløysing enn den eg har no (som fungerer litt så-som-så), og for å ha mogelegheiter for litt meir avanserte funksjonar slik som navigasjon, appar og liknande. Eg har sett litt på denne her, som eg synest ser rimeleg bra ut: http://carboncarsystems.com.au/ford-ranger-px1-stereo-replacement/ Det største aberet her er at med denne så misser ein mogelegheita til å styre telefonen med knappane på rattet, og eg ynskjer ikkje å misse noko av den originale funksjonane til knappane på rattet. Eg veit heller ikkje om denne verka saman med ein europeisk Ranger, eller om det er nokon forskjellar her. Er det nokon som veit om eit liknande produkt av god kvalitet som gjer at eg ikkje misser nokon av den originale funksjonane i bilen, samstundes som eg får inn DAB+, navigasjon og Android? Dei som Wolfen refererer til ser for meg ut til å ha berre FM/AM-radio, samt at eg vert noko skeptisk til kvaliteten generelt når eg ser at nettsida dei ligg på er skriven på veldig dårleg engelsk... Ein norsk forhandlar hadde vore ideelt, men viss kvaliteten er god og eg veit eg får noko som passar til min bil så bestiller eg gjerne frå utlandet òg. Bilen det er snakk om er ein 2013-modell, oppgradert med originalt ryggekamera (i spegelen), men utan original navigasjon.
Recommended Posts
Create an account or sign in to comment
You need to be a member in order to leave a comment
Create an account
Sign up for a new account in our community. It's easy!
Register a new accountSign in
Already have an account? Sign in here.
Sign In Now