Jump to content

Spørsmål om sentrallås-sett til Ford Ranger


Garegaupa

Recommended Posts

Hei, folkens!

 

Eg har kikka litt på dette her: http://www.eagle4x4.com/ford-ranger-t6-central-locking-tailgate-lock/

 

Er det nokon grunn til å tru at dette ikkje vil passe til ein 2013-modell Ford Ranger Double Cab Limited kjøpt her i Noreg? Er det nokon som har erfaring med om desse her er så enkle å montere som seljaren skal ha det til (ikkje at eg er redd for ei utfordring når det gjeld mekking, men eg er nok noko meir tilbakehalden enn vanleg med ein såpass ny bil...  :D)?

Link to comment
Share on other sites

Takk for svar, grcossie! Då lyt eg sjå om eg ikkje tingar meg eit slikt sett etter kvart. Det hadde vore greitt med sentrallåsing på bakluka no som eg fekk montert så flott eit rulledeksel frå Mountain Top oppe på Voss no i vår.  ;)

Link to comment
Share on other sites

  • 6 months later...

Har akkurat kjøpt dette settet, og tenkte å prøve å montere det snart. Monteringa ser veldig grei ut basert på vedlagt brukarrettleiing, men eg har eitt lite spørsmål: For å kople settet til sentrallåsen så lyt eg klyppe av to leidningar i bilen (som skal liggje under eit deksel ved døra framme) og kople settet inn på dei. Eg har høyrt ein del skrekkhistorier om folk som har spleisa leidningar i nyare bilar, og så ikkje fått start på bilen grunna startsperre. Er dette noko eg risikerer på min bil?

Link to comment
Share on other sites

Har du noko namn på det settet du såg på, tuszi?

 

(Uansett så er det nok litt seint for min del, sidan eg alt har kjøpt det andre settet, men det spørs berre om det gjer noko å klyppe dei leidningane eg prata om eller ikkje? Viss ikkje det gjer noko så trur eg det er eit veldig greitt sett.)

Link to comment
Share on other sites

OK, skjønar. Trur nok likevel eg går for den framgangsmåten som står i brukarrettleiinga for å vere sikker på at eg ikkje gjer noko feil. Eg har dobbeltsjekka med dei som fører dette settet, og dei seier dei aldri har hatt nokon klager på at dette montering av det har utløyst startsperra, så då lyt eg berre tru at det går greitt i mitt høve òg.  :)

Edited by Garegaupa
Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
×
×
  • Create New...