Garegaupa Posted August 12, 2016 Posted August 12, 2016 Hei, folkens! Eg har kikka litt på dette her: http://www.eagle4x4.com/ford-ranger-t6-central-locking-tailgate-lock/ Er det nokon grunn til å tru at dette ikkje vil passe til ein 2013-modell Ford Ranger Double Cab Limited kjøpt her i Noreg? Er det nokon som har erfaring med om desse her er så enkle å montere som seljaren skal ha det til (ikkje at eg er redd for ei utfordring når det gjeld mekking, men eg er nok noko meir tilbakehalden enn vanleg med ein såpass ny bil... )?
grcossie Posted August 12, 2016 Posted August 12, 2016 Ser ikke noe grunn til at det ikke skal funke på din. Har aldri montert noe slikt selv, men det vil jeg tro du klarer fint
Garegaupa Posted August 15, 2016 Author Posted August 15, 2016 Takk for svar, grcossie! Då lyt eg sjå om eg ikkje tingar meg eit slikt sett etter kvart. Det hadde vore greitt med sentrallåsing på bakluka no som eg fekk montert så flott eit rulledeksel frå Mountain Top oppe på Voss no i vår.
grcossie Posted August 15, 2016 Posted August 15, 2016 Var kolegaen min, som monterte den da. Kjekt å få det på stell 1
Garegaupa Posted February 28, 2017 Author Posted February 28, 2017 Har akkurat kjøpt dette settet, og tenkte å prøve å montere det snart. Monteringa ser veldig grei ut basert på vedlagt brukarrettleiing, men eg har eitt lite spørsmål: For å kople settet til sentrallåsen så lyt eg klyppe av to leidningar i bilen (som skal liggje under eit deksel ved døra framme) og kople settet inn på dei. Eg har høyrt ein del skrekkhistorier om folk som har spleisa leidningar i nyare bilar, og så ikkje fått start på bilen grunna startsperre. Er dette noko eg risikerer på min bil?
tuszi Posted February 28, 2017 Posted February 28, 2017 Kikka på et sett der du tok fra tanklokk låsen
Garegaupa Posted February 28, 2017 Author Posted February 28, 2017 Har du noko namn på det settet du såg på, tuszi? (Uansett så er det nok litt seint for min del, sidan eg alt har kjøpt det andre settet, men det spørs berre om det gjer noko å klyppe dei leidningane eg prata om eller ikkje? Viss ikkje det gjer noko så trur eg det er eit veldig greitt sett.)
grcossie Posted March 1, 2017 Posted March 1, 2017 Du kan nok bruke signala fra tanklås på ditt sett også
Garegaupa Posted March 2, 2017 Author Posted March 2, 2017 OK, seier du det? Er det betre å gjere det, meiner du?
tuszi Posted March 2, 2017 Posted March 2, 2017 slipper å dra ledningene så langt og lettere å koble seg inn på ville jeg tro
Garegaupa Posted March 6, 2017 Author Posted March 6, 2017 (edited) OK, skjønar. Trur nok likevel eg går for den framgangsmåten som står i brukarrettleiinga for å vere sikker på at eg ikkje gjer noko feil. Eg har dobbeltsjekka med dei som fører dette settet, og dei seier dei aldri har hatt nokon klager på at dette montering av det har utløyst startsperra, så då lyt eg berre tru at det går greitt i mitt høve òg. Edited March 6, 2017 by Garegaupa
timger Posted March 15, 2018 Posted March 15, 2018 (edited) [slettet] Edited March 26, 2018 by timger
Recommended Posts
Create an account or sign in to comment
You need to be a member in order to leave a comment
Create an account
Sign up for a new account in our community. It's easy!
Register a new accountSign in
Already have an account? Sign in here.
Sign In Now