Garegaupa Posted December 1, 2016 Posted December 1, 2016 Heisann! Eg har og har hatt store problem med varmetrådane i frontruta på min 2013-modell Ford Ranger Limited. Det begynte med at eg for ei tid sidan oppdaga at nokon av trådane (eit 5-6 centimeter breitt samanhengande vertikalt felt) ikkje fungera. Sidan bilen er godt innanfor garantitida så tok eg eit bilete som synte kor feilen låg, og forhandlaren skifta frontrute utan kostnad for meg. Vel og bra, men så gjekk det nokon månadar før same problemet dukka opp att, men no ein annan plass på ruta. Eg sa ifrå, og ruta vart skifta ein gong til. Her om dagen skulle eg tine opp bilen før eg skulle ut og køyre, og trur du fordundre meg ikkje at eg ser same problemet har oppstått enno ein gong! Kva i all verda er dette for noko? Er dette eit svakt punkt på Rangeren? Eg får nok skifta rute att utan at det kostar meg meir enn tid og frustrasjon, men problemet må då liggje ein annan plass når det same skjer opp att og opp att? (PS: Berre for ordens skuld så har eg aldri vore i nærleiken av ruta med isskrape eller tilsvarande reiskap, nettopp for ikkje å gjere skade på desse trådane, så eg trur ikkje det skal kunne vere mekanisk skade som fører til dette problemet.)
tuszi Posted December 1, 2016 Posted December 1, 2016 Ofte det, men pleier å ta litt lenger tid bare har samme på min.
Garegaupa Posted December 1, 2016 Author Posted December 1, 2016 Dette er andre vinteren eg har bilen, og problemet oppstod då to gonger førre vinter og ein gong no. Viss det skal skje to gonger i året i snitt frametter så vert det fort mange turar til byen for å skifte rute (eg bur cirka 14 mil unna næraste Ford-verkstad)... Kor lenge har du hatt din Ranger, tuszi, og har dette skjedd deg òg meir enn ein gong? Skal desse varmetrådane vere så dårlege at dei ikkje toler nokon ting så kunne Ford like godt droppa heile greia, etter mi meining. Det er utruleg behageleg å ha denne funksjonen, men føresetnaden er no at det faktisk virkar...
Mondeo Power Posted December 1, 2016 Posted December 1, 2016 Har kjørt ford i 23 år og aldri hatt problemer med trådene på de jeg har hatt med varme i frontruta. Ser noen på jobben innimellom som har problemet men da gjerne med steinsprut i området som ikke virker
grcossie Posted December 1, 2016 Posted December 1, 2016 Er ikke normalt at det skal være så ofte feil på de. Tror ikke vi har byttet rute flere ganger av den årsak, pleier å ordne seg med et skift. Har hatt Ford med varmetråder, siden 96 og aldri hatt problem med trådene, selv om Kugaèn har en sprekk i ruta på ca 30cm, så virker trådene like godt
Garegaupa Posted December 1, 2016 Author Posted December 1, 2016 OK, godt å høyre at dei ikkje skal vere så dårlege! Nokon idear om kva som kan vere medverkande årsak(ar) her? Mondeo Power nemner steinsprut som ein mogeleg "syndar", men eg har ikkje registrert nokon skadar i ruta dei gongene dette har skjedd. Kan det vere ein eller annan styringsmodul for systemet som gjev for høg spenning og "brenner ut" trådane, eller noko i den duren? Eg stussar på at ikkje Ford-verkstaden sjekka litt grundigare etter å ha fått inn same bilen med same problemet to gonger på rad same året.
grcossie Posted December 1, 2016 Posted December 1, 2016 Sjekket nett for servicemeldinger, finner ikke noe på dette problemet. Stein sprut kan lage problem, men hender man ikke ser noen utv påvirkninger. Har aldri hørt at spenninga kan skade de, vil tro det er en svakhet i produksjon på noen eller kan man jo skade de ved rute skift, men da vil de jo ikke virke fra dag1 av
tuszi Posted December 2, 2016 Posted December 2, 2016 hatt min i 3 år byttet rute en gang pga skade. samme resultat som deg etterpå. Brukt orginalrute fra ford. mulig dårlig leverandør til ford
Garegaupa Posted December 2, 2016 Author Posted December 2, 2016 Takk for alle innspel, folkens! Eg får vel berre ta meg ein ny bytur og skifte rute ein gong til, då... Nå vel, der har ein fordelen med å ha ein såpass ny bil, sidan ein kan ta slikt på garantien!
Recommended Posts
Create an account or sign in to comment
You need to be a member in order to leave a comment
Create an account
Sign up for a new account in our community. It's easy!
Register a new accountSign in
Already have an account? Sign in here.
Sign In Now