Jump to content

radovan

Gjest
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by radovan

  1. Nei, det er heilt i skodda. Har vel aldri vore noko spesielt dyr motor, lurer på kor mange fungerande som har vore skrota av dei siste tiåra..? Ein skikkeleg god og nyoppbygd burde jo koste nokre tusen, om ein finn nokon som vil ha motoren. Etterkvart må det vel bli litt meir interesse for originalbilar med alt som høyrer til av mekanikk og utstyr. Om du fiksar opp denne motoren er det nok ein eller annan som er interessert til slutt, trur eg.
  2. Eg ville nok syns det var interessant å lese ein tråd om overhaling av ein såpass oversett motor som gode gamle 2,0 ohc. Har aldri gjort meir enn toppakning/ventilar/kam på desse. Og det var jo enkelt og oversiktleg. Har eit par slike liggande meir eller mindre i deler sjølv, og ein vakker dag kunne det vere moro å setje i hop noko som gjekk igjen.
  3. Stå på. Eigentleg skulle du jo ha laga ei steg for steg-rettleiing, men no er du jo komen i gong...
  4. 2. Kan det vere ein parkeringsbrytar som ikkje er i form? Veit ikkje korleis det ser ut på desse, men har reparert pussarmotor med manglande parkering før ved å opne motoren og finne ei fjør/flik/dings som er blitt svidd og for kort til å nå bort til kontaktpunktet sitt. Bøy denne lenger ut slik at det blir kontakt når motoren står i nedre posisjon. (Motor er sjølvsagt eit litt slurvete omgrep her..)
  5. radovan

    Pris 2.8l

    Betalte 1500,- for ein 2,3 for litt sidan. Den var avertert til ein del høgare pris, men vart ikkje seld. Så så veldig mykje dyrare kan det nok ikkje bli med mindre einkvan er i krise.
  6. Sjekk om du har gnist når han stoppar. Hadde liknande symptom på ein Mazda. Tok fordelaren frå ein delebil og då vart det bra. Ikkje godt å seie kva det var, men eitt eller anna elektrisk var det iallfall.
  7. Treng ei god venstre framlykt til frosken min... Av den "svarte" facelift-typen.
  8. Kva er det som gjer at bilen ikkje er verd det i høve til andre Cosworth?
  9. Kor langt er du villeg til å reise for å hente? Har kanskje ein Granada 81 2,3 gl på nordvestlandet.
  10. Kan du legge ut infoen her? Har ikkje tilgong...
  11. Slik skal det gjerast. Klikka på fleire andre annonser frå same firmaet: Gode bilete, entusiastisk og informativ tekst (eg er så lei av annonser med "ring for info") og ei tilsynelatande proff innstilling. Wheeler dealers for vidarekomne.
  12. Skal legge ut bilete når eg har pønska ut korleis. Kvar finn ein motornummeret? Er ein del olje over heile klumpen...
  13. Trur du må forklare meg kva som er feil. Eller er linken feil?
  14. Har omsider fått fatt på ein motor. 2,3 frå ein -82 Granada. Det merkelege er at motoren ser på alle måtar ut som ein gråtoppmotor (fordelar, vifte osv) men har svarte topplok. Er det noko eg ikkje har kontroll på?
  15. Dessverre er det slik at ein oftast må MASE!!! Ironisk når ein er i ein situasjon der ein ofte ikkje har ork til det eller har nok med andre ting. Men orkar du, så mas, mas, mas!! Og du har krav på svar, om Nav og lege peikar på kvarandre må dei finne ut av det.
  16. http://www.dinepenger.no/regler/faa-sponset-taxi-til-jobb/163611 https://www.nav.no/Arbeid/Oppf%C3%B8lging+av+sykmeldte/Reisetilskudd Forstår det slik at du ikkje blir sjukemeld vidare, sjølv om du er under utredning? Det heng i så fall ikkje på greip.
  17. Nei, det gjer du neppe. I så fall kan du saksøke både arbeidsgivar og stat/kommune, for regelverket vil ikkje tillate slikt. Det kan skje i u-land som USA og Storbritannia, men er heldigvis sjeldan vare her. Er du sjukmeld er det grei skuring, då får du sjukepengar og kan sitje heime, evt mekke bil eit år. Om du må arbeide og ikkje får att lappen med det same har du krav på tilrettelagt arbeid i ein overgongsperiode og/eller sannsynlegvis drosje. Legen (eller politijuristen - for dei nidkjære ) må ha ein grunn til å inndra lappen din og må kunne gje deg eit hint om framtidsutsiktene dine i så måte. Og hugs at det er berre få dagar sidan tilfellet, både du og legen/politiet treng litt tid for å sjå korleis det går. I tillegg skal det sannsynlegvis inn meir enn ein lege i prosessen din, så du er forhåpentlegvis ikkje prisgitt ein lege som nekta deg å køyre umiddelbart etter episoden. Og det måtte han jo naturlegvis gjere og, elles hadde han ikkje gjort jobben sin. Edit: Forresten: Du må mase, mase, mase! Det einaste som gir resultat!!!
  18. Inntil du finn ut av kva som feilar deg eller blir friskmeld synest eg ikkje du bør køyre moped heller. Du har ansvar for både deg sjølv og andre i trafikken.
  19. Ja, dessverre er det ikkje alltid ting går som dei skal. Då skal det teoretisk sett vere opp til oss å velje bort dei som ikkje gjer jobben sin, men ikkje alle har kompetanse nok til å sjølv kunne opptre som kontrollinstans.
  20. Går ut frå at du er i utredning no? Viss ikkje må du snarast kome i gong med det, først og fremst av helsemessige årsaker, men og for å kunne bli friskmeld og få att lappen. Kva sa legen som "konfiskerte" lappen din?
  21. Er du nitti år? Av og til kan det vere lurt å krangle på mangellappen. Trur kontrollen går på autopilot nokre gonger. Verkstaden eg brukte for nokre år sidan gav alltid 2'ar på bremseslangar, same kor bra dei var. Elles kan det vere lurt å sjølv lese føreskriftene. http://www.vegvesen.no/Kjoretoy/Eie+og+vedlikeholde/Periodisk+kjoretoykontroll/Regelverk
  22. Trur dessverre ikkje du har så mykje du skulle ha sagt i slike tilfelle, og ærleg talt er det vel best å avvente til du har fått full utredning? Då slepp du å kverke deg sjølv eller andre når du evt. kollapsar igjen bak rattet. Med mindre, sjølvsagt, at du veit kva som er det medisinske problemet og kan halde det i sjakk med medisinar eller diett. Eg veit iallfall at tidlegare var det slik (og kanskje det er det enno) at epileptikarar som hadde vore fri for anfall ein periode (tre år?) kunne søkje om å få att lappen. Elles har du krav på ulike ordningar i ein overgongsperiode. Snakk med Nav og legg fram problemet. Kanskje du har krav på drosje? Eg er ganske sikker på at du får sjukmelding i starten. Sjølv har eg gode erfaringar med Nav, så det er ikkje alt som kjem fram i media som er sant. Håpar det ikkje er noko alvorleg som ligg bak og at du snart er frisk som ein fisk igjen.
  23. Er det nokon som har kjennskap til 2,9 Cosworth?
  24. Ja, eg synest også dei er vel så fine som s2. Synest dei seinare bilane blir litt glattare og hardare i utrykket. Og i rattet. ...eg vil heller ha fingrane rundt eit godt og mjukt fireeika s1-ratt!
×
×
  • Create New...