Jump to content

radovan

Gjest
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by radovan

  1. Nei, det vart det nok ikkje. Kula på girkassearmen knakk av. Har allereie banka restane ut av armen slik at det no berre er eit hol der. Så får eg konstruere meg ein gaffel å sveise på staget og finne ein passande bolt til å smette gjennom gaffelen og armen.. Har modifisert plenklipparen medan eg kontemplerte fram ei grei løysning, så aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
  2. Fekk bilen opp og meg under og fann feilen umiddelbart. Det går eit stag mellom girspaken og girkassa, ikkje wire slik eg kanskje tenkte. Hengsla/kuleleddet mellom spaken på girkassa og staget stod heilt fast, med det resultatet at staget knakk då vridninga vart for stor. Låg ei stund og prøvde å få det laust, men det sat heilt blegg. Spraya med lurium og så får vi prøve på nytt i morgon.
  3. Etter laaaange pauser har eg no fått sett saman greiene såpass at eg fekk prøvestarta. Det gjekk heldigvis fint, ingen ulydar og det ser ut til at sjølve motoren umiddelbart kan ha håp. Må få testa og prøvd litt meir før eg veit korleis det blir. Strammaren på kamkjedet var berre barnemat når ein visst kva ein skulle gjere. Eg måtte faktisk "restarte" den nye eg hadde kjøpt då eg klønte litt med monteringa. Kunne heilt sikkert brukt den gamle, for det var eigentleg ingen skildnad på den nye og gamle når alt kom til alt. Dessverre bestemte bilen seg for å lage meir kødd; Giret (automat) var veldig stivt og vanskeleg å betjene. Stanga var nesten umogeleg å flytte. Kanskje ikkje så rart sidan han har stått i eit år. Med mykje list og lempe og forsiktig jukking fekk eg han i nøytral, starta bilen og konstatert at motoren iallfall ikkje eksploderte umiddelbart. Så fekk eg lirka han i revers, som slo inn som det skulle, og så fram i D som også fungerte. Så vart stanga heilt laus og utan funksjon. Har prøvd å sjekke litt kva som kan ha skjedd, men har ikkje mykje erfaring med dette. No står han framleis i drive slik at eg ikkje eingong får starta og flytt han. Kan ein kople ut startsperra via sikringar eller noko slik at eg kan få køyrt han inn igjen for eigen maskin? Er det truleg at feilen ligg i girveljarmekanismen slik at ein kjem til frå kupéen, eller må ein under bilen?
  4. Kor stort slingringsmonn har ein på registerinnstillinga? Synest ikkje det blir heilt optimalt same korleis eg stiller inn kjedehjul og kjede. Blir liksom ei halv tann feil uansett.
  5. Ok, eg har ikkje erfaring med nyare bensinbilar. Då fester eg dei så godt eg kan til eg finn ein passande donor.
  6. Låsinga manglar på nokre av connectorane/koplingane på bilen min. T.d. "lista" med koplingar til tre av dysene. Der manglar den vesle metalltråden på samtlege. Er dette mogeleg å få tak i, lage sjølv eller må eg surre ting saman med hyssing og tape?
  7. Det var ikkje meininga å søple til tråden med mas om telefonar og GPS, men det var jo litt relevant?
  8. Det er heilt sant! Kostar meir å oppgradere enn å kjøpe ein ny billeg ein. Samstundes er eg litt skeptisk til dillet med å bruke mobil, men det kan godt hende eg gjer det sjølv snart. Må berre sette meg inn i korleis det skal gjerast. Som audun lenger oppe seier er det tøffaste om ein får alt inn på telefonen.
  9. Mykje kjekt ein kan drive med. Skal lese grundig.
  10. Orkar ikkje å halde meg oppdatert på mobilappar og dilldall. GPS´en fungerer upåklageleg og pratar meg gjennom alle kryss og filskift (i teorien, iallfall ), veit ikkje korleis mobilen skulle klart det betre. Pluggane vil eg ha på, for GPS og ryggekamera blir tatt bort når det ikkje er bruk for det, evt brukt i ein av mine andre bilar.
  11. For seint no... Leita litt etter den tråden, men fann den ikkje. Berre andre trådar med henvisning til at ein slik skulle finnast. Link?
  12. Fekk klemt inn ei lita økt og fekk ordna oppsettet ganske greitt. Aberet er at den hydrauliske strammaren til kamkjedet ikkje lar seg komprimere. Bestilte ein ny.
  13. Er ikkje balanseakslane drivne med drev frå veiva og dermed på rett plass uansett?
  14. Har brukt det bak på campingvogna. Nesten handikappa når ein ikkje ser kva som skjer der bak, både ved rygging og når det kjem raskare trafikk opp i rumpa på vogna. Biltema sitt fungerte flott, men ser i ettertid at ei kombiløysning med GPS hadde vore best. Blir mange skjermar og 12V-pluggar å halde komtroll på. Men vart hurtigkjøpt på campingferie i Sverige i fjor, då eg vart lei av å skvette til heile tida.
  15. OK, takk! Kanskje eg skal sende han ein PM. Viss nokon andre har gode innspel tek eg imot med takk.
  16. HJELP! Har etter lang tids opphald pga helseproblem begynt på å få saman motoren som var delvis demontert. Toppen var av og alle deler strødde for alle vindar, men eg trur eg har fått orden på det meste. Det store problemet no er at eg ikkje veit om registerkjedet står rett på veiva. Eg mødest veldig med å få løyst reimhjulet for å kome til for å sjekke, og det er jo eigentleg ikkje noko anna eg skal der, så derfor hadde det vore veldig greitt å sleppe det. Finnast det ikkje ein grei måte å stille inn kammane i høve til veiva ved hjelp av øvre dødpunkt, tenningsmerke, vindretning eller noko anna lurt? Er redd for at bilen berre blir ståande til han blir skrota om eg ikkje snart får orden på dette, for no må eg snart ta ei avgjerdsle på kva det skal bli til.
  17. Slike ting har forundra meg ofte. Det skulle då ikkje vere vanskeleg å bygge ein motor som ikkje har problem? Det er då vel berre å sjå på erfaringar frå tidlegare konstruksjonar og sjå kvar problema ligg? Ikkje bruk kam og ventiltetningar frå toliter pinto, kjølesystem frå Rover K-motor og kamkjede frå Voyager -96. Eg veit jo at einkvar slik konstruksjon er eit kompromiss mellom kostnader, drivstoffeffektivitet, motoreffekt og ei mengd greier. Men det er då rart at dei ikkje kan ta problema med det same dei oppstår. At betalande kundar skal vere betatestpersonell er for dumt.
  18. Passar kanskje med ei gammal historie då... Hadde mercedesfelgar på ein annan Granada i hine hårde og dei felgane var altfor tjukke i godset i høve til boltane. Dumme meg skulle jo prøve likevel og miste først eine bakhjulet, dvs det ramla ikkje av men alle mutrane var av, bilen glei av jekken og klistra fingrane mine mot skjermen då eg skulle feste hjulet igjen, så ramla det andre av då eg køyrde over ei bru. Det for på elva, men vart heldigvis funne igjen. No er eg dobbelt så gammal og forhåpentlegvis noko klokare.
  19. Har tilbod om å kjøpe felgar opprinneleg tiltenkt Audi med boltsirkel 5x112 som er korrekt for Granada, men innpresset er 45 og på Granada er det originalt 38. Vil dette ha mykje å seie? Det er jo ikkje stor skildnad og dette er 205/55-16 som jo er noko breiare enn dei 175-14 som står på frå før. Så eg tenkjer at Audifelgane byggjer litt mindre ut, men sidan dei er breiare vil dei hamne omlag der dei er no i høve til skjermen? Kva med senterholet?
  20. Er iallfall kjede på min Scorpio -98 2,3.
  21. Synest Polytrol er konge på lister og andre plastdeler.
  22. Sannsynlegvis har eg fått sprekk i toppen på motoren i frosken. Driv og plukkar av toppen no. Om eg får bekrefta mistankane mine; er det nokon som har ein topp til meg? Helst såpass grei og komplett at den berre er til å smekke rett på. Men alt av interesse... Erling 90053975
×
×
  • Create New...