Jump to content

radovan

Gjest
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by radovan

  1. I mitt tidlegare liv (nesten 20 år sidan) hadde eg ein -79 2,3 som var ein slags hybrid mellom ulike modellar. Grunnstammen var ein MK2 s1 GL - karosseri, interiør osv, med motor og gir frå Sierra 2,3 og ein del Mk2 s2 garnityr rundtom, som lykter, grill, litt listverk og sikkert noko til. Dette var ein gulle god bil og eg har med jamne mellomrom sett etter ein meir vanleg GL av same årgong på finn. No er eg ikkje direkte ute etter ein slik no, men det er rart med det, kjekt å sjå om det skulle finnast slike rundtom. Ein vakker dag osv. Men eg ser aldri slike. Var det ikkje selde mange GL her, eller er alle døde?
  2. Vi mekka eksos på papsens 2,3 for nokre dagar sidan og vi måtte løyse opphenget på venstre side. Bilen var allereie oppe på bukkar både framme og bak. Vi hadde sveisa saman ein del og anlegget var i eitt stykke frå motorrom til tilkoplinga til bakre potte, så det var jo litt ekstra kjelkete.
  3. For å reformulere litt: Viss du er veldig skeptisk eller køyrer løp med oljen på bilen; bruk oljen på grasklipparen din eller smør sykkelkjedet ditt. Men ha i mente at det aller meste av slike best før-greier er der fordi produsenten er redd for å få søksmål på nakken.
  4. Nei, dette er berre tull. Snu flaska nokre gongar og fyll på.
  5. Eg er ikkje på Facebook. Ja, eg veit det...
  6. Beklager, får ikkje transportert greiene heim i vettig tid...
  7. Ingen som veit? Har prøvd meg på ein som annonserte på Finn, men får ikkje svar.
  8. Skulle nokon ha nokre til overs har eg smale hjulbuelister til Consul/Granada MK1 å bytte med.
  9. Må innrømme at det ikkje vart Frosk på meg denne gongen. Det var ingen i mitt nærområde, heilt enkelt. Derfor vart det ein Sitron CX på meg. Eg likar rare bilar. Men eg kan godt vurdere å bytte den i ein Frosk om nokon er interessert. Gratulerer, det ser ut som ein fin bil!
  10. På finndeler.no fann eg ein del motorar og girkasser. Tok ein prat med Hedmark Bilsenter, sjølv om dei ligg fælt langt vekk for meg, men det er jo mogeleg å få frakta ting. 2,3-motor skulle dei ha mellom 3500 og 5000 for avhengig av tilstand, girkasse (dei hadde berre 4-trinns) ca 1800 for. I tillegg fortalde dei at om eg skulle ha 5girs i 4girs-bil måtte eg også hugse på mellomaksel. Trur eg legg heile greia på hylla. Kanskje vi skal kvitte oss med bilen istaden...
  11. Er bilen komplett enno, eller manglar det mykje deler?
  12. Nokon som kan tipse om kvar ein får kjøpt breie hjulbuelister til Granada til vettig pris?
  13. Den der er midt i senter i blinken (kunne jo vore ein blå -98 ) men Sandnes er jo så grusomt langt borte. Inntil vidare har eg god tid og ventar heller til ein slik goding dukkar opp i overkomeleg avstand. Vurderer og andre bilmodellar, men det er søren meg ikkje mange som har den kombinasjonen av pris, plass og må ha-faktor.
  14. Finnannonse Her er ein som kjem ganske nær det eg vil ha, men det er mykje rust ute og går. I det heile synest eg det er typisk for mange av desse bilane, dessverre.
  15. Eit par-tre tusen for motor og gir burde vere innan rekkevidde, ja. Får sjå om det dukkar opp noko ikkje altfor langt borte. Når det gjeld passform på motor og gir; det blir vel same problem med nye og gamle motorar og girkasser enten det er 2,3 eller 3-liter eller kva det no er?
  16. Det stemmer sikkert, eg har aldri sett svarttoppmotor og femtrinnskasse saman. Då eg hadde femgirs Granada 2,3 var det med gråtopp frå Sierra.
  17. Det må då vere ein jordingsfeil? El feil er det eg har aller minst peiling på, riktignok... Likar nicket ditt, forresten. Veit ikkje kva du legg i det, men for meg er det motorprodusenten til Dutratraktorar.
  18. Dessverre/heldigvis er eg ikkje på Facebook. For mykje lik ditt og datt og fjollete linkar og bilete av hundar, småungar, perfekte hus og middagsmåltid. Har vore innom forumet til Granada/Consulklubben, men det er lenge sidan no. Greitt å vite at femtrinnskasse og gammal 2,3 ikkje er 100% plugandplay. Har aldri demontert/montert denne komboen før. @Tralten: Tusen takk, men avstandane legg hindringar i vegen. Håpar på å finne noko i nærområdet først. Viss ikkje skal eg nok hugse på deg. Men er det ingen som har eit kronebeløp dei veit ein seksar med femtrinns har vore kjøpt for i det siste?
  19. Ja, har høyrt at 2,3 i Scorpio er basert på 2,0 som igjen er same motoren som sat i tidlegare Sierra/Scorpio. Men det er jo klart det er to ulike 2,0 doch. Det har eg ikkje tenkt på. Er 8V og 16V 2,0 heilt ulike konstruksjonar og er 2,3 basert på 2,0 16V? Sierra 2,3 har eg hatt i Granada, så den veit eg er ein V6 Kølnmotor. Eg rotar det til ved å ikkje presisere om det er den ein eller andre Scorpiotypen eg snakkar om.
  20. Tenkte eg skulle ha tak i motor og gir til ein Granada. 2,3 (eller alle forgassarV6, egentleg) og femtrinnskasse. Kva ligg prisnivået på no for tida? Sist eg dreiv med slikt florerte det av delebilar og ein måtte nesten ikkje betale for det, berre å hente det gratis omtrent. No finn eg ikkje annonser eingong.
  21. Store variasjonar! Det er jo bra at ikkje alle brukar litervis, då utvidar det spekteret litt. Korleis fungerer 2,0 doch-motoren? Er det ikkje mykje likt den som sat i Sierra før? Og det er vel forsåvidt 2,3 og? Broderen hadde Sierra 2,0 doch og sjølv om det var ein seig og sterk motor var eg aldri heilt fortruleg med den. Virka stør og lite elastisk. Det hadde kanskje litt med girkasse og utveksling å gjere. Det vart for tett mellom gira og for lavt utveksla. Når ein legg til kjensla av ein motor som ikkje var komfortabel med å bli dratt ut på turtal følte ein som regel at ein aldri var i rett gir. Fordelen var at ein kunne legge han i femte omtrent umiddelbart og han gjekk på 0,6 på mila.
  22. Har dessverre ikkje Ford for øyeblikket. Kanskje eg skal ta papsens Granada?
  23. Altså: Vrakpanten er der for at ein skal ta bryet med å levere utrangerte bilar til hoggaren, ikkje fordi enkelte av oss skal gjere eit kupp på å skrote eit par delebilar, heller ikkje vil det ha noko avgjerande verknad på gjennomsnittsalderen på bilparken. Det vil berre fjerne dei potensielle delebilane og entusiastfunna. Elles har ikkje alle land ei slik ordning og ein kan diskutere om det er verd bryderiet. (Eg synest det fungerer fint som no, med ei lav avgift.) Viss vrakpanten går opp vil det kanskje ha ein umiddelbar, men midlertidig effekt, og så vil det berre presse totalprisnivået oppover. Forøvrig synest eg ikkje det er eit poeng i seg sjølv at bilparken skal vere nyast mogeleg, men der er sjølvsagt ikkje alle einige. Nokon som hugsar kva som skjedde då vrakpanten gjekk opp til 6000,- ein periode på nittitalet? Folk gjekk berserk og skrota bilar som var verd både 30- og 40 tusen, heilt ukritisk. For ikkje å snakke om alle gode og mindre gode bilar i nedre del av skalaen som gjekk rett på skroten utan spørsmål. Det vart nesten umogeleg å skaffe seg ein vettig delebil i lange tider etterpå, både fordi dei fleste aktuelle bilar var borte og fordi ingen ville selje noko til under ti tusen, dei hadde jo nettopp justert opp den mentale grensa si til at 6000,- = 0,- I tillegg må ein ha i mente at dette er lenge sidan og ein kan sikkert minst doble summane for å samanlikne med dagens kjøpekraft. Og til slutt; ein auke i utbetalt pant betyr berre at det kostar meir i innbetalt pant i andre enden.
×
×
  • Create New...