Jump to content

radovan

Gjest
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by radovan

  1. Har gløymt det kvart einaste år. Kanskje eg kjem på det i år?
  2. Av og til har ein feil postnummer. 12 timar kvar veg, elles var det ein skikkeleg bra kandidat. Oi, såpass mykje? Eg har vel kjekt ymta frampå at eg ikkje er bekymra for forbruket, då det ikkje kjem til å bli uhyre mange km for året, men då tenkte eg på om bilen brukte 0,7 eller 1,0. Dei fleste ser jo ut til å vere nettopp 2,3 og då må eg vel rekne med liknande tal på dei fleste av dei? Kanskje eg skal satse på dieselen? Evt. 2,9, for då er det jo forståeleg at den brukar litt...
  3. Ved å vere litt snedig i søketeknikken har eg kikka litt på utgåtte annonser. Lite å hente der sidan det manglar namn på seljar eller bilane ikkje lenger er til sals (kanskje den nye eigaren skal selje? ) , men moro lell. Svært mange av mk3-Scorpioane har ein gråsvart farge eg slett ikkje er begeistra for. Det får dei til å sjå sjuskete og shabby ut. Var dette ein veldig populær farge? Elles er dei kvite (grøss) eller burgunderaktig raude, ein farge eg kan forsåvidt kan tolerere. Blåfargen, eller er det fleire kanskje, får bilen til å framstå som luksuriøs og vakker. Alle skulle vore slik. Enkelte skal vere grøne, men dei ser grå ut på skjermen min. Eg ser vidare etter ei blå stasjonsvogn. Takk for tipsa!
  4. Det er von i hangande snøre, kva f det no skal bety. Det kjem inn nye bilar på Finn nesten dagleg, og sjølv om ingen passar enno er det moro å følge med. Den som kjøper den 2,9 4x4 som kom inn i går får mykje for pengane, 12000,-. Ein del rust og, dessverre, og det har eg ikkje tid til no. Då ventar eg heller til det kjem ein mindre tagbar bil, men med mindre bonusarbeid.
  5. Det blir neppe frykteleg mange kilometer i året, så eg kjem til å prioritere tilstand framfor andre kjepphestar. Fint med 200hk familiebil om eg kan få det, men gjerne ein 2,5 diesel viss motoren er god og sit i ein god bil. Time will show!
  6. Interessant! Håpar i utgongspunktet på å finne noko litt nærmare (nordvestlandet) men for rette bilen kan eg nok ta ein tur til Horten. Har eit slags tak på 25000,- og håpar på å finne noko brukbart der. Vurderer andre bilmodellar, eigentleg det meste som kan tilfredstille kriteria mine, men Scorpio er ein av mine favorittar og vil bli prioritert. Dess lenger bort, dess betre må bilen vere.
  7. 94-modellen på Vinstra? Ja, har merka meg den, fin bil med mange av krava mine innfridd. Men eg håpar i det lengste på ein nyare og meir søkklasta modell. Viss eg ikkje finn det angrar eg på at eg ikkje såg på denne. Har heldigvis ikkje umiddelbart hastverk.
  8. Har vel sett ein slik ein gong og blitt forført... Har forstått det slik at -98 har litt anna front enn dei tidlegare? Og så er det alltid lurt med ein bil som kom seint i modellens levetid, men eg har ingen absolutte krav til det, altså... Likar og dei tidlegare Scorpioane. Onkelen min hadde ein -86 (eller var det -85?) 2,0 CL. Det var stasbil for oss ungane på slutten av 80-talet. Edit: Denne synest eg er heilt guddommeleg: Scorpio Dessverre må eg ha stv og ha hengarfeste...
  9. Som trådtittelen seier: Skal ha rimeleg og komfortabel familebil, helst stasjonsvogn. Skal vere andrebil og har ingen preferansar til motor eller utstyrsmodell, men hadde jo vore kult med ein skikkeleg high spec-modell. Vurderer ein Scorpio, men veit lite om dei. Har alltid likt dei og når eg no treng ein bil med plass og med vekt på komfort lurer eg på om eg skal prøve å finne med ein. Teknisk tilstand/rust/PKK er prioritert. Skal eg velje fritt vil eg ha ein mørk blå -98 stv. Kva skal eg sjå etter? Er dette i det heile bilen for meg?
  10. Linken er død og eg skulle gjerne visst korleis ein skal trå til! Er det nokon som kan forklare det? Må ein senke heile bakhjulsopphenget, eller? :unsure PS: Eg har stasjonvogn!!
  11. Dette har sikkert vore oppe før og eg har prøvd søkefunksjonen. Sidan eg ikkje finn noko blir det å spørje sjølv: Kva slags olje skal ein bruke på 1.8td-motoren som står i Mondeo -99? Då tenkjer eg mest på viskositet og syntet/mineral?
  12. Haynes har vel ei bok om bilen og ei om motoren? Eg har ikkje funne ei som omhandlar begge, kun bensinbilen...?
  13. Tenkte eg skulle fornye registerreima på Mondeoen. Har søkt etter trådar på emnet, men finn ikkje noko relevant. Er det noko spesielt ein må hugse på? Gjerne ein "walkthrough" om nokon gidd å guide meg. Eg har gjort det før, men aldri på tverrstilt motor, og det ser trangt ut. Edit: Det er mk2.
  14. Det brilliante med Owatrol er at ein ikkje treng ha eit perfekt forarbeid slik ein må med eksempelvis Tectyl. Ein kan dusje det på understell og alle andre stader ein har rust eller fryktar det, omlag utan vask eller noko og det vil ha effekt. Best blir det sjølvsagt etter grundig vask og tørk, men det er det jo ikkje alltid ein har tid til. Derfor er det mange som har det som eit årleg rituale, eller kanskje annakvart eller tredjekvart år. Kjapp vask, tørke ein dag eller to og so krype under bilen med ei trykkanne av eit slag, eller "dusj" tilkopla kompressor. Unngå bremser og gummiting for å ikkje gjere utilsikta skade. Tut og kjør. Det kostar lite i kroner arbeid og tid, og bilen rustar ikkje opp.
  15. radovan

    Rimelege deler

    No har eg i det minste vore på Biltema og kjøpt to komplette berebruer med forningar og berekuler. Kr 449,- pr stk, ingenting å seie på det! Dei hadde imidlertid ingenting til bakhjulsopphenget.
  16. radovan

    Rimelege deler

    Ej & mej! Likar sunnmøringar! Eg trur desse blir for dyre/ekslusive for meg. Om du ikkje kan gi meg 90% rabatt, då? Skal sjekke litt her og der og so får vi sjå. Tingen er at faren min skal ta over bilen og han er ikkje innstilt på å bruke ei krone... Og eg kan ikkje bruke tusenvis på ein gammal bil eg meir eller mindre skal gi frå meg. BTW, eg har demparar frå Granada liggande, noko håp om at dei kan passe bak på Mondeoen? Engelsk ebay? Måtte sjekke MECA og sjølv om dei kanskje er dyre på ein del, synest eg jo dei hadde rimelege foringar..? Forresten, er høgre og venstre bærekule like? billamper.no har arm komplett med foringar og bærekule til 486,- +mva. Eg treng foringar på venstre side og kule på høgre. Edit: Når eg tenkjer meg om er dei vel nagla fast, disse kulene. Kanskje like godt å berre kjøpe berebruer til begge sider og skifte heile driten? Edit2: Er framfjørene like mellom bensin og dieselbilar?
  17. radovan

    Rimelege deler

    Det som står på kontrollseddelen komplett med evt skrivefeil : 1.1.10 Farlige spekker i bremseslange - Begge bak 4.10 Pære venstre foran tåke/grøftelys 5.2 Bakaksel- slakk i innfestinger Foringer støttestag nedre fremre 5.2 Slitt bærekule - Høyre foran 5.2 Slitt bærebru bakre foring venstre 5.3 Brudd i fjærblad - Høyre foran 5.5 Støtdempere- lekkasje dårlig virkning bak Pæra skal eg nok fikse på eigenhand, men alt det andre skulle eg gjerne hatt tips om!
  18. radovan

    Rimelege deler

    Superduper! Eg skal konsultere mangellappen, men eg er litt usikker på kva dei ulike foringane heiter og det var han som tok kontrollen og. (Eg har hovudsakleg mekka på Land Rover siste åra, og i mitt tidlegare liv med personbilar har eg ikkje hatt mykje arbeid med foringar...) Finnast det eit skjema/sprengskisse e.l. med namn, delenr eller annan identifikasjon på foringar og understellsgreier? I tillegg var det ei knekt framfjør og ei bærekule... og bremseslangar bak. Jaggu bra bilen er rustfri, elles er det ikkje sikkert eg hadde gått igong med dette. Slike er eg kjend med frå LR. Hadde håpa på at eg kunne finne eit komplett sett til bilen min, men dei eg såg kosta 4-5tusen. I England.
  19. radovan

    Rimelege deler

    Hei alle saman! Dette er min første post på dette forumet, og sjølv om eg neppe blir her mykje kjem eg nok innom av og til. Eg har nettopp vore på EU-kontroll med vår Mondeo -99 1,8Td stv og fekk påpeika ei mengd foringar og diverse anna i understellet som måtte skiftast. Etter å ha sett på deleprisar både her i landet og på diverse britiske nettsider fann eg ut at eg ikkje var heilt nøgd med prisane, sjølv om det jo er langt rimelegare enn på t.d. japanske bilar. Sjølv ikkje Biltema kan hjelpe meg mykje. Det ser heller ikkje ut til at dette er mykje diskutert her på forumet, det går mest i senkesett og slikt. Derfor lurte eg på kvar entusiastfolket kjøper når dei berre skal ha enkle, greie og rimelege slitedeler? Mvh Erling
×
×
  • Create New...