Jump to content

GulenPower

Gjest
  • Posts

    469
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by GulenPower

  1. det er tromler bak dessverre.
  2. Bensinpumpe og bensintank er allerede gitt vekk dessverre. Det same med rattet. Eg berre printar ut denne sidan i morgon og tar med meg i garasjen, så ser eg kva eg har. Då får dei som vil ha delane tilbakemelding om eg har dei. Sierra råner: eg meinar eg skal ha eit vanleg IS instrumentpanel og eit IS instrumentpanel med kvit bakgrunn. Begge to er heilt like og er turtellar på. Kor langt treng du av eksosanlegget?
  3. ja, men da må eg nok ha sjølv trur eg. tenkte eg skulle hive motoren og girkassa oppi ein p100. men visst ein har eit slikt megasquirt datasprut? då treng ein vel ikkje det orginale ledningsnettet til motoren? har forresten diff, mellomaksling og ein bakaksling også. bremser har eg vel og.
  4. Hallois! I helga er det dags for å rydde garasjen. Har mykje drit frå ein 5-dørs Ford Sierra 2.0is liggande. Eg veit ikkje heilt kva eg har endå. Men eg meinar at eg har nokre bakdører, panser, komplett eksosanlegg, dashboard, lykter, vindusviskarar, og anna ymse. Eg veit faktisk heilt ikkje kva eg har endå, eg skal heim igjen og sjå i morgon eller fredag. Skriv her kva du treng, så skal eg sjå om det dukkar opp ein del. Eg kan sende delar, men ikkje store delar som dører og sånt. Helst bør dei bli henta. Eg bur i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Delane går for ein veldig rimelig sum. Ingen delar kjem til å koste over 300 kroner. Eg skal jo hive det likevel, så då kan eg likegodt selge det. Har og litt snacks til Opel Ascona B! Blant anna bakluke og panser lakkert i ein fin blåfarge. Det er faktisk i god stand og ingen rust! Men dei går for 500 kroner samla. Evt. så kan jo dette byttast i noko anna snacks visst nokon har? Men eg tvilar på at nokon vil det. Er iallefall på jakt etter ein slik ein turbomanifold som passar på ein 2.0is motor.
  5. Kan eg få slenge meg på med eit lite spørsmål her? Visst ein tar f.eks. sierra eller cosworth bakstilling. Kan ein bytte ut diffen med ein såkalla stor atlas ? Atlasen står jo orginalt på ei stiv bakstilling. Og sierraen er jo delt.
  6. Kom over ei annonse på autodb her i kveld. Det er ein fyr som sel forsterkningsplater til frontdiffen på ein 4x4 Sierra Cosworth. Dette er for å unngå at diffen skal vri seg i stykker visst du har litt hester, seier han. er det nokon som har prøvd dette her? eller kan forklare litt nærare. er det juks og fanteri eller er det nødvendig? Her er linken: http://www3.autodb.no/cgi-bin/car/detail.pl?nr=1103637
  7. meinte om det passar på girkassa/mellomakslingen. men eg har lest litt rundt om no, og funne ut at 2.0is motoren passar på den girkassa som er der.
  8. Hei! Har lenge hatt lyst på ein Ford P100, og no er eg komt over ein som eg skal få til ein veldig rimelig sum Men problemet er at motoren er ødelagt. Den motoren som stod i var ein 1,8 turbodiesel. Eg har ein 2.0is og ein vanleg 2.0 OHC gasser motor. Eg lure då på om nokon veit om ein av desse motorane går rett nedi uten att eg treng å byte så mykje delar? Evt. om motoren ikkje passar om eg kan då ta girkassa frå IS'en nedi ilag med motoren? om det då vil passe på mellomakslingen til P100'en? mvh Daniel
  9. sant det. det er ein vippebryter på bensintilførselen. om ein skulle vere uheldig å krasje så vil den kutte bensintilførselen til motoren. Men det kan også skje når du køyrer fort over humper i vegen, eller når du spelar høg musikk. Naboen lånte ut Sierraen sin til ein skrulling, og forklarte han veldig nøye kva han måtte gjere i tilfelle den brytaren slo ut. (pga stort stereoanlegg så hadde den ein tendens til å gjere det). Brytaren slo jo sjølvsagt ut på turen, og oppkava som han fyren blei då så klarte jo ikkje han og hugse på det han hadde blitt fortalt av naboen min. Så enden på visa var at han betalte viking 1500 kroner for å slå på igjen vippebrytaren
  10. Nokon som veit kor det ligg fleire bilder frå vårmønstringa på internett? er på jakt etter nokre bilder av ein grøn skoda puckup med stereoanlegg i halve karmen.
  11. har ein T3 turbo og ein liten intercooler visst du er interessert i det då.
  12. Kva er ein turbotimer? Er det ein slik sak som gjer at motoren gjerne går i 2 minutt etter at du har slått av tenninga, låst bilen og gått din veg?
  13. Halloisen Trond! Så du har kjøpt deg Fiesta du også ja! Kor mykje måtte du ut med for det nye understellet ditt? Det hadde gjort seg med noko sånt på min og trur eg. Men det må nok ein ny motor i også skal det bli skikkelig moro. Kortid blir Cosworthen ferdig trur du då? Du har vel ikkje nokre bilde av den som du kan laste opp då? Hadde vore kjekt å sjå den.
  14. No er det komen ny bil i hus grunna at min gamle Volvo 244 frå 1982 ville ha sommarferie, så difor har eg kjøpt inn ein ekstra bil som kan avløyse Volvoen om kvardagane. Volvoen blir no kun brukt til kyrkja på søndagane Eller den eigentlege grunnen er at Volvoen brukte godt over 2 liter på mila. Og eg måtte ha meg ein bil som brukte litt mindre enn det. Så då falt valget på ein Ford Fiesta Fun ifrå 1994. Det rosalilla vidunderet har ein 1.3 liters strikkmotor under panseret. Det er faktisk to airbager, oppvarma frontrute, varme i begge seta og ABS som tilleggsutstyr. Fekk med både vinterhjul og nokre stygge 13" Fundo aluminiumsfelgar med sommardekk på. Men servostyring skulle dei ikkje sette på Bilen blei EU-godkjent i januar 2006, årsavgifta var betalt og det var ein forholdsvis ny sony cd-spelar og nye sony høgtalara i bilen. Og for alt dette, inkludert masse rust, betalte eg 8000 kroner. Etter eg overtok nøklane så har eg bytta luftfilteret sidan det gamle var igjen grodd. Han er litt luggete når det regnar ute eg tenkte eg skulle sjå litt over motoren og ta ein "lett service" på den inkludert oljeskift og slikt. Det første eg gjorde når eg overtok bilen var å sette i eit lite stereoanlegg. Har køyrt Volvoen i eit år no berre med kassettspelar, så eg fortenar litt lyd. Eg monterte opp eit Focal 6,5" frontsett på hattehylla. Og ein god gammal 12" SPL Soundstream subwoofer i bagasjerommet. Da heile blir dreve av ein gammel Phoneix Gold forsterkar. Høgtalarane framme kan eg kople inn og ut på cdspelaren ved hjelp av front og rear balansen. Men dei står som oftast utkopla sidan det er så alvorleg mykje finare lyd i Focalane!! Bilder av dette kjem seinare. Eg har ikkje nokon planar for bilen framover, trur han skal få vere ganske sånn som han er. Det er så mykje rust at det er ikkje vits i å legge ut nokre pengar på bilen. Men skulle no eg komme over ein billig og bra motor så kan jo det hende. For den 1,3 liters motoren er ikkje akkurat sprek!! Lurer litt på om eg skal sette på nokre 5 eikars 15" Sierra felgar som eg har. Innpresset er det same, men dekka må bli 195/45/15. Litt rar kombinasjon, men det kostar ikkje meir enn 600 kroner per dekk. Er det nokon som har erfaring med 15" felgar og 195 dek på fiesta? Går dette greit?
  15. Alle fiestaer har ET41 i innpress. Kilde: http://www.tstuning.com/Boltsirkel.htm
  16. Evt. det ja. ikkje dumt, men dei blir vel ikkje så turtallsvillige då?
  17. Så lite? Ein kamerat hadde 224 hk i ein sugetrimma 2.0liters sohc motor frå sierra. Skulle jo tru at det gjekk an å få meir enn 250 hk ut av ein cosworth motor med eit sånt oppsett. Kva med oppboring då? Kom over ein 2.4liters cosworth motor som var over 300 hk i. Hugsar ikkje nøyaktig.
  18. GulenPower

    4*4?

    Det stemmer det som d-link seie. RS2000 kom i 4x4. MK5 er det vel.
  19. Klart det. Kanskje meir og. Men uansett så må han nok rekne med eit større utlegg når han skal begynne og trimme motoren sjølv.
  20. Det er dyrt, og masse må gjerast. Det er ikkje så enkelt som å "berre" kjøpe grenrør, kjøpe kammer, kjøpe ditt og kjøpe datt. Har planar om det same om nokre år. Det er berre å søke rundt på engelske Ford forum, så står det masse om N/A Cosworth motorer. Meinar det var ein liten tråd om dette på cosworth.no eingang i tida. Ellers kan jo du alltids kjøpe ein BDA motor og hive nedi.
  21. GulenPower

    86 Sierra 2,0

    19000,- står det i annonsen. (litt treig her ja)
  22. Veit at Bergen Bilelektronikk har montert eit alarmsystem der du får sms visst bilen er i bevegelse. Dvs. på henger. For det skal visst være "umulig" og stjele ein bil med det systemet ellers.
  23. Har søkt litt rundt om på nettet, men finn ikkje noko som tyder på at det går an og bygge om orginal rattet til snap off. Men med penger så kan jo du få det meste
  24. Kanskje litt drøy den der... men du er no enig at det er bedre å vrake ein mustang enn ein RS200? Dessuten var det ikkje ein "ekte" bil.
  25. Der blei eg litt småredd. Men "heldigvis" var det berre ein mustang. Me får håpe at det kun var eit skal som blei bygd til musikkvideoinnspelinga. Og at dei ikkje knuste ein orginal ein.
×
×
  • Create New...