Jump to content

Recommended Posts

Posted

Hei! Kjøpte ein brukt 2000 Focus DAW 1,6l i desember. Har etterkvart fått eit par problem med denne.

 

Bremse:

Dette problemet dukka opp i dag, og er orsaka til at eg skriv dette innlegget. Eg var på veg til butikken, og varsellampane for ABS og antispinn lyste. Eg stoppa bilen, starta opp eit par gonger, og like brått som det kom, forsvann lysa. Når eg skulle tilbake frå butikken, lyste dei att. Men no lyste og varsellys for tokrets brems. Når lysa lyste, kunne eg bekrefte at både abs og antispinn var ute. Når dei forsvann den lille stunda, fungerte alt. Nokon som har ein ide til kva dette kan vere? Desperat situasjon.

 

Baklys: Hadde problemar med at sikring for lysbrytar (nr. 32) gjekk. Etter litt søking, fann eg ut at høgre baklys (sikring 48) stod med 10a istaden for 7,5a som den skulle ha. Når eg bytta til 7,5 på denne, gjekk den tvert, og høgre baklys slutta lyse. Altså er det eit problem med dette. Nokon som veit om ein typisk plass som kan vere grei å sjekke?

 

Vindusspylar:

Denne fungera heilt flott, til eg helte Biltema spylarvæske (vinter) på tanken. Spylaren slutta å fungere normalt. Den fungerte no berre når viskerane gjekk på fullt. No er det berre sporadisk at den fungerar. Har ikkje vore i nærleiken av temperaturgrensa for væska.

 

Varmeanlegg/vifte inne: Vifta går berre på fullt! trinn 1,2 og 3 funkar ikkje. Relè?

 

Dette er feil som har meldt seg ein etter ein. Vifta har vore slik heile tida.

 

Nokon som kan kaste litt lys på noko av dette?

 

På førehand takk.

Posted

Vifte som bare fungerer på full hastighet er gjerne dette problemet.

 

How to replace a heater resistor on a Ford Focus

FCN og VCCN Sessongåpner Gardermoen søndag 4 mai 2025 Sessongåpner-gardermoen-4-mai-2025

FCN Vålerbanen 6-7 juni 2025 (Del1) FCN Hovedtreff Vålerbanen 6-7-juni 2025 (Del1).

FCN Vålerbanen 22-23 august 2025 (Del2) FCN Vålerbanen 22-23 august 2025

FCN på GMS 5-7 september 2025 Grenland Motorsportsenter helgen 5-7 september 2025

FCN Sessongavslutter Gardermoen søndag 28 september 2025 Sessongavslutter-gardermoen-28-september-2025

Posted

Vifta kan nok være motstand, eller kontakten, som har brent seg fast som nevnt over. Du får kjøpt ny kontakt med ledningsstump på, for å lodde fast på org nett. Bremsetrøbbel, er stor sjanse for at det er bremsetrykk føler, som ligger inni abs hydraulikk enhet. Skifter da hele enheten

  • 3 weeks later...
Posted

Fann ut av bremsa! Dårleg kontakt med sensor.

Så bra. Gjorde du det selv eller på verksted? Kjekt å vite for andre som søker på forumet etter samme feil.

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
×
×
  • Create New...